Nokre timar i veka. Stor betydning for mange ungdommar.

AKAukra kommune Kultur
AUKRAFast Publisert 6 dager sidenFrist 02. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet79/100Hvordan?
Lønn30 573 kr
HistorikkObservert i 6 dagerFørst observert 09. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 999 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 999 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 269 aktive nå, 32 556 arbeidsgivere og 143 290 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Bli med og skap dei gode møteplassane for ungdom i Aukra. Nokre timar i veka kan bety mykje for ein ungdom.

I Aukra kommune arbeider vi for at alle ungdommar skal ha ein plass å høyre til. På våre møteplassar skal ungdom kjenne seg velkomne, få nye vennskap, oppleve meistring og bli møtt av trygge vaksne som ser dei.

No søkjer vi ein miljøarbeidar i 20 % stilling som vil vere med på dette viktige arbeidet.

Dette er ikkje berre ein deltidsjobb. Det er ei moglegheit til å vere med og skape dei gode opplevingane, samtalane og fellesskapa som kan bety ein forskjell i ungdomstida. Gjennom ungdomsklubb, aktivitetar og møteplassar får du vere ein viktig vaksenperson som lyttar, støttar og bidreg til at ungdom kjenner seg inkluderte og verdsette.

Du blir del av eit engasjert team som kvar veke jobbar for å skape trivsel, tilhøyrsel og gode opplevingar for ungdom i Aukra.

Om stillinga

Som miljøarbeidar vil du vere med å utvikle og gjennomføre aktivitetar på møteplass for ungdom både på Gossen og i Julsundet. Du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der relasjonar, aktivitetar og ungdomsmedverknad står sentralt.

Vi ønskjer å gi ungdommane i Aukra arenaer der dei kjenner at dei høyrer til, blir inkluderte og får vere seg sjølve. Derfor ser vi etter ein trygg og engasjert person som ønskjer å bidra til eit levande ungdomsmiljø i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

    Skape og vidareutvikle opne, trygge og inkluderande møteplassar for ungdomPlanlegge og gjennomføre ungdomsklubbkveldar og «Etter skuletid»Vere ein synleg og trygg vaksenperson som byggjer gode relasjonar til ungdomLeggje til rette for aktivitetar som fremjar fellesskap, meistring og deltakingSamarbeide med ungdom, føresette, frivillige lag og kommunale tenesterBidra i planlegging av årshjul og aktivitetsplanar i samarbeid med ungdommane sjølveDelta i utviklinga av framtidas ungdomstilbod i Aukra kommune

Kvalifikasjonar

    Relevant utdanning, fagbrev og eller erfaring frå ungdomsarbeid er ønskeleg, men ikkje eit krav. Relevant erfaring og personleg eignaheit kan kompensere for formell utdanningHar god digital kompetanse og forståing for korleis ein kan nå ungdom gjennom digitale kanalarHar interesse for gaming, e-sport eller andre ungdomskulturelle aktivitetarEvne til å arbeide sjølvstendig innanfor dei gitte rammerGode samarbeidseigenskapar og vere ein god rollemodellKjennskap til og interesse for kultur i Aukra og trendar blant ungdomHar førarkort klasse B

Vi tilbyr

    Ei spennande og meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjellMoglegheit til å påverke og utvikle ungdomstilbodet i Aukra kommuneEit engasjert fagmiljø med gode kollegaerVarierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstendeGode pensjons- og forsikringsordningar i KLPKommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariffStønad frå eige fond for etter- og vidareutdanningFlyttegodtgjersle etter lokalt reglement

Kven er du?

Du treng ikkje vere ungdom for å jobbe med ungdom. Det viktigaste er at du bryr deg om korleis ungdom har det, og ønskjer å vere ein vaksen som ser, lyttar og bidreg til at alle kjenner seg inkluderte.

Kanskje er du student, har ein annan jobb ved sida av, eller ønskjer å bruke erfaringa di til noko meiningsfullt. Dersom du er god på relasjonar, likar å skape aktivitet og ønskjer å bidra til at ungdom får ein god oppvekst i Aukra, håpar vi at du søkjer.

Nokre timar i veka kan utgjere ein stor forskjell. Kanskje er det nettopp du som skal vere med og skape dei gode møteplassane for ungdom i Aukra?

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Kontaktperson
Kultursjef Anne Jorunn Sandøy mob. 959 07 055.

Søknadsfrist 2. november 2026

Søk her

Om bedriften

Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid. Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 09. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 09. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 10. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAKAukra kommune Kultur2 stillinger i databasen