Vikar for tilkalling ved Barnebo barnehage

ABAukra kommune Barnebo barnehage
AUKRAVikariat Publisert 14. sep. 2026Frist 31. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet79/100Hvordan?
Lønn30 512 kr
HistorikkObservert i 31 dagerFørst observert 14. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 962 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 962 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 232 aktive nå, 32 542 arbeidsgivere og 143 250 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Er du nysgjerrig på arbeid i barnehage og lurer på om det kan bli ein karriereveg? Da skal du prøve deg som tilkallingsvikar!

Barnehagen tilbyr eit stort fagmiljø, kor utviklinga av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag.

Arbeidsoppgåver

Tilkallingsvikar skal møte ved fråver når faste tilsette er vekke, i kortare eller lengre vikariat. Det kan vere tilkalling same dag eller ved meir planlagt fråver.

Tilkallingsvikar deltek aktivt i det pedagogiske arbeidet saman med pedagogisk leiar og det øvrige personalet på avdelinga. Dette inneber å ivareta barna sine behov for omsorg og leik og å fremje læring og danning med utgangspunkt i det enkelte barnet og barnegruppa.

Krav til søkar

    Tillkallingsvikar må vere fleksibel og tole eit aktivt og fysisk arbeid ute og inne i barnehagenDelta i leik, aktivitetar og læringssituasjonar saman med barnaDet blir lagt vekt på personlege eigenskapar, som god relasjonskompetanse, i møte med barn og foreldreDet er ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage, men ungdommar og andre som er nysgjerring på arbeid i barnehage er veklomne til å søkeMå beherske godt norsk munnleg språk, ha gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med kollegaer og foreldre

Vi tilbyr

Stort og godt fagmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Kontaktperson
Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459.
[email protected]

Søk her

Om bedriften

Barnebo barnehage ligg på øya Gossen i Aukra kommune, 30 minutt med bil og ferje frå Molde. Barnehagen er ein tradisjonell avdelingsbarnehage med to hus som ligg «tett-i-tett». Furutun har 4 avdelingar for barn under tre år og Aukratun har 5 avdelingar for barn over tre år. Aukratun er nybygget vi flytta inn i hausten 2021. Det er bygd i massivtre, med oppvarming frå jordvarme og solceller, og gode fasilitetar for både barn og tilsette. Utearealet gir barna høve til variert leik og aktivitet. Vi har to grillhytter på leikeplassen der vi kan trekke inn, samlast, varme oss og lage mat. Vi har storkjøkken med eigen kokk som lagar frukost kvar dag til alle og varm lunsj 2-3 gonger i veka til kvar avdeling. Vi har bær- og frukttre, plantekasser og drivhus og ønskjer å utvikle mat- og måltidsaktivitetar saman med kokken, slik at barna kan vere med å dyrke noko av maten vi et. Nærområdet til barnehagen byr på varierte turmål; «Hekseberget» ved vasstårnet, «Museskogen» som ligg rett ved Furutun, turstiar og gapahuk i Aukraskogen, Hallingshaughola, småbåthavna i Ragnalund, Gartnerfjøra og leikeplassane i Berglia og ved Aukrahallen. Sentrum er i gangavstand. Her besøkjer vi m.a. biblioteket, omsorgssenteret, skulen, og ikkje minst etter kvart det nye kulturhuset.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 14. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 14. sep. 2026.

1 endring over 1 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 15. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverABAukra kommune Barnebo barnehage1 stilling i databasen