Leiar stab

SSkyss
BERGENFast Publisert 8 dager sidenFrist 22. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 48 122 kr – 66 764 kr per måned
HistorikkObservert i 7 dagerFørst observert 08. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 090 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 090 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 353 aktive nå, 32 599 arbeidsgivere og 143 552 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du vere med og skape samanheng mellom strategien til Skyss, styringa og det som skjer i kvardagen? Skyss søkjer ein leiar som kan samle sterke fagmiljø i ei ny avdeling, styrkje avgjerdsprosessane våre og bidra til gode og berekraftige mobilitetstilbod i heile fylket.

Arbeidsoppgåver

Vi treng ein leiar for den nyoppretta avdeling stab. Her får du ansvar for å vidareutvikle korleis Skyss planlegg, prioriterer og følgjer opp arbeidet sitt. Du skal bidra til at mål, planar og økonomi heng saman, og gi organisasjonen eit godt grunnlag for viktige vegval. Samtidig skal du utvikle arbeidsmåtar som gjer det enklare for fagmiljøa å samarbeide og bruke ressursane godt på tvers.

Du vil leie ei avdeling som samlar verksemdstyring, økonomi og administrasjon, kommunikasjon, strategi- og organisasjonsutvikling og leiarstøtte. Du har òg overordna ansvar for intern og ekstern kommunikasjon. Våre tenester er nytta av svært mange, og får stor merksemd. Gjennom kommunikasjonen vår skal vi få fram at Skyss er dyktig, påliteleg og imøtekommande.

I denne rolla skal du skape samanheng mellom faglege vurderingar og verksemdsstyring – og formidling vidare til administrativ og politisk styring i fylkeskommunen. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for leiaren av gruppa for økonomi og administrasjon og for dei andre medarbeidarane i staben.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du leiarerfaring og erfaring med verksemdsstyring. Du treng også forståing for korleis økonomi påverkar styring og strategiske prioriteringar.

Du har god organisasjonsforståing og interesse for korleis ulike faglege og politiske omsyn verkar saman. Som leiar gir du dyktige medarbeidarar tillit og handlingsrom, samtidig som du er tydeleg på retning og ansvar. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis vi løyser eit samfunnsoppdrag som betyr mykje for innbyggjarar i heile fylket.

Andre opplysningar:

    Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorskAlle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månaderVi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort

Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.

Kontaktinformasjon

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.

2 endringer over 3 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 09. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 11. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSSkyss4 stillinger i databasen