Sokneprest i Jæren prosti med Nærbø sokn som tenestestad
SBStavanger bispedømmerådDatasettet bak annonsen· 72 831 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 831 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 166 aktive nå, 32 489 arbeidsgivere og 142 959 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Er du ein prest med Jesus-begeistring og ein evne til å formidla Guds ord for både barn, unge og vaksne? Kan du engasjera og disippelgjera medarbeidarar, samt jobbe godt i team? Velkommen som søkjar til ei prestestilling i ein gild stab med mange aktive frivillige!
Nærbø ligg i Hå kommune, som har mykje vakker natur og gode tilbod for små og store. Nærbø kyrkjelyd sin visjon er «Levande tru». Kyrkjelyden er prega av varierte gudstenester med godt oppmøte frå alle aldrar. Involvering, misjonal tenking og kyrkjelydsutvikling er viktige stikkord for oss i åra framover.
Nærbø sokn har gudsteneste kvar sundag, på alle høgtidsdagane samt nyttårsaftan. Førre år vart det gjennomført 82 gudstenester i soknet. Det blir brukt nynorsk liturgi. Gudstenestene er varierte med m.a. temagudstenester og generasjonsgudstenester med stor bredde i form og innhald. Mange av gudstenestene vert strauma på nett. Ulike aldersgrupper er representerte i gudstenestene. Snittframmøtet på gudstenestene er rundt 200.
I 2025 var det 63 dåp og 94 konfirmantar i kyrkjelyden. I Hå er det ca. 40 vigslar og rundt 170 gravferder i året. Desse vert gjennomført i tenestevekene som er for heile fellesrådsområdet, saman med dei andre to sokneprestane i kommunen. Institusjonar i kommunen vert betjent saman med diakon.
Mange frivillige er knytt til gudstenestearbeidet, diakoni, ungdomsarbeid og den kyrkjelege undervisninga. Frivillige tek aktivt del i planlegginga av gudstenester og andre arrangement. Kyrkjelyden har m.a. sundagsskule, baby og småbarnssong, tweensarbeid og ungdomsklubb.
I Nærbø kyrkjelyd er det tilsett dagleg leiar, musikalsk leiar, kateket, kyrkjelydspedagog, trusopplærar og ungdomsarbeidar. Diakonen arbeider i alle tre sokna i Hå.
Soknepresten har kontor i Nærbø kyrkje, og møter i stabsmøta saman med dei andre tilsette i Nærbø sokn. Dagleg leiar leier desse stabsmøta.
«Noas ark – open barnehage» har tilhald i kyrkja og har ope tre dagar i veka. Her er det tilsett både styrar og assistent. Kyrkjelyden arbeider med utbygging av kyrkja.
Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Time og Hå. Hå kommune og Hå kyrkjelege fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med tre sokn: Nærbø, Varhaug og Ogna.
Arbeidsoppgaver
Kvalifikasjoner
Personlige egenskaper
Vi søker en prest som har evne og vilje til å:
Vi tilbyr
Andre opplysninger
Kontaktinformasjon
[email protected]
[email protected]
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Nærbø – bygda midt på Jæren
Nærbø er ei levande og engasjert bygd midt på Jæren, i Hå kommune i Rogaland. Bygda er omgjeven av det karakteristiske jærlandskapet – med vide åkrar, grøne marker og utsyn mot havet. Jordbruket har alltid hatt ein sentral plass i Nærbø, og er framleis ein viktig del av både identiteten og næringslivet. Samstundes har bygda utvikla seg til eit moderne lokalsamfunn med et mangfald av bedrifter, butikkar, lag, foreiningar og fritidsaktivitetar.Nærbø har samstundes ei tydeleg framtidstru.
Med kort veg til Bryne, Sandnes og Stavanger via Jærbanen og eit godt utbygd lokalsamfunn, er bygda ein attraktivt stad å bu, arbeida og voksa opp. Nye bustadområde, næringsverksemd og utvikling skjer side om side med tradisjonane som har forma staden.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 08. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 08. okt. 2026.
2 endringer over 3 dager i 4 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 09. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- 11. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.