Vikariat helsefagarbeider 100%

AKAlver kommune
OSTEREIDETVikariat Publisert 9 dager sidenFrist 19. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet61/100Hvordan?
LønnAnslått 37 713 kr – 67 043 kr per måned
HistorikkObservert i 8 dagerFørst observert 07. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 347 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 347 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 576 aktive nå, 32 710 arbeidsgivere og 144 095 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Vi har ledig eit 100 % vikariat som helsefagarbeidar i perioden november 2026 til april 2027. Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariatet ved behov.

Arbeidsoppgåver

Er du klar for ein variert kvardag med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling? Hos oss vil du få moglegheita til å hjelpe brukarar med personleg hygiene, forflytting og måltid, samt observere og rapportere endringar i brukarar sin helsetilstand til relevante fagpersonar. Vi verdset tverrfagleg samarbeid og jobbar tett med ulike fagmiljø for å sikre best mogleg omsorg.

Dei siste åra har vi satsa stort på velferdsteknologi og kvardagsmeistring, noko som gjer oss til ein spennande arbeidsplass i stadig utvikling. Vi krev at alle utførte tenester vert dokumenterte i Profil, og som helsefagarbeidar kan du få medisindelegering etter avtale.

Om avdelinga

Ostereidet heimeteneste er ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte, dyktige medarbeidarar. Avdelinga har eit stort geografisk ansvarsområde som strekkjer seg frå Mundal til Dykolbotn, med avstikkarar til mellom anna Veland og Dalsgrend.

Hos oss får du spanande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonskrav

    Autorisasjon som helsefagarbeidarFørarkort klasse BGode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Kven er du?

Ein som trivst med å arbeide sjølvstendig.

Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø.

Du er løysingsorientert og fleksibel.

Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga.

Du har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre.

Vi tilbyr

    Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaerEit positivt og inkluderande arbeidsmiljøEin aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringarFagleg utviklingÅrsturnusTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkGod pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!Video:

https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 07. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 07. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAKAlver kommune37 stillinger i databasen