Leiar for oppvekst- og kultur

SOSolund kommune Oppvekst og kultur
HARDBAKKE Publisert 8 dager sidenFrist 26. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet36/100Hvordan?
LønnAnslått 73 326 kr – 97 724 kr per måned
HistorikkObservert i 8 dagerFørst observert 07. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 140 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Yrke7
Kommunalsjef oppvekst og kompetanse · 4 aktive nå
Arbeidsgiver3
Solund kommune Oppvekst og kultur · 1 aktive nå

Hele basen: 73 140 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 422 aktive nå, 32 612 arbeidsgivere og 143 694 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Solund kommune jaktar ein strategisk og utviklingsorientert leiar som kan vere med på å sikre gode oppvekstvilkår og eit sterkt lokalsamfunn. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og stillinga krev difor fleksibilitet. For at du skal trivast må du vere utviklingsorientert, positiv og god til å samarbeide på tvers av tenester og sektorar.

Som sektorleiar har du det overordna faglege ansvaret for oppvekst og kultur. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og har ein sentral rolle i utviklinga av kommunen.

Til stillinga ligg ansvaret som kommunal barnehage- og skuleeigar. I tillegg har du ansvaret for kulturskule, bibliotek, førebuande opplæring for vaksne, norskopplæring for vaksne innvandrarar og drift av den kommunale ungdomsklubben. PPT og barnevern er ein del av sektoren gjennom interkommunalt samarbeid.

Oppvekst- og kultur området står framfor viktige utviklings- og omstillingsprosessar. Du skal setje retning, prioritere og sørge for at tenestene utviklar seg i tråd med måla og behov. Samtidig skal du bidra til god ressursbruk, høgkvalitet og godt samarbeid mellom tenestene. Det høyrer ikkje ein eigen stab til sektoren, og du må difor vere god på å arbeide på eiga hand, samstundes som du må samarbeide godt med barnehagestyrar, rektor, kulturskulerektor og biblioteksjef.

BTI (Betre tverrfagleg innsats) er eit viktig satsingsområde i Solund. Saman med leiar for helse- og omsorgssektoren og BTI-koordinatoren utgjer du prosjektgruppa i kommunen.

Stillinga inneber mellom anna:

    Leie og utvikle oppvekst- og kulturområdet med tydeleg retning og strukturUtvikle og støtte leiarane i sektorenFølgje opp og forbetre resultat innanfor læring, trivsel og kvalitetSikre god økonomistyring i sektorenStyrke samarbeidet på tvers av tenester og sektorarEnkeltvedtak etter barnehagelova og opplæringslova
    Utarbeide saksframlegg til politisk nivå, og oppfølging av politiske vedtakBidra i ulike regionale samarbeid innanfor oppvekstfeltetAdministrator for ulike fagsystemPersonalansvar

Organisasjonen er i endring, og ansvarsområda og oppgåver kan endre seg etter kvart.

Kvalifikasjonar:

    Utdanning på høgskule/universitetsnivå. Styrar-/rektorskule vil vere ein føremonDet vil bli lagt stor vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar ved tilsetjinga.Kjennskap til aktuell lovgiving, offentleg forvalting og forståing for kommunale prosessar.Leiarerfaring og praksis frå oppvekstsektoren er ein fordel.Evne til å legge til rette for ein open og tillitsfull dialog mellom ulike samarbeidsaktørar.

Vi tilbyr

    Ei meiningsfull og utviklingsorientert leiarstillingModerne undervisningslokaleEngasjerte tilsetteLeiarstøtte og korte beslutningsliner i organisasjonenLøn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, du kan lese meir om det herDu kan søkje om å få stetta studielån frå lånekassen dersom du bur i en kommune med sentralitetsklasse 6. Les meir om stetting av studielån herEin kvardag tett på natur, sjø og friluftsliv

Søknad

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.

Offentleg søkjarliste:
Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25. Dersom ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren bli varsla før offentleggjering.

Om bedriften

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 07. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 07. okt. 2026.

2 endringer i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 07. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 07. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSOSolund kommune Oppvekst og kultur3 stillinger i databasen