Naustdal omsorgssenter har ledig stilling som

SNSunnfjord kommune Naustdal omsorgssenter
SUNNFJORDFast Publisert 9 dager sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 37 585 kr – 56 983 kr per måned
HistorikkObservert i 8 dagerFørst observert 07. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 078 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 078 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 341 aktive nå, 32 592 arbeidsgivere og 143 536 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko – kvar einaste dag?

Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag, der du får bruke kompetansen din, ta ansvar og vere med på å gjere ein forskjell for menneske som treng deg.

Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi spelar kvarandre gode. Vi trur at gode tenester blir skapte av medarbeidarar som trivst, og derfor legg vi stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og å ta vare på kvarandre. Kollegaene dine har brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg samt mykje humor og eit sterkt engasjement for bebuarane våre.

Naustdal omsorgssenter er eit mindre omsorgssenter med 19,64 årsverk. Vi yter heildøgns omsorg til personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Hos oss blir du godt kjend med både bebuarar og kollegaer, og du blir ein viktig del av eit fagmiljø der alle bidreg og blir sett.

Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.

Vi har ledig

    100 % fast stilling som sjukepleiar

Du får ein variert arbeidskvardag i tredelt turnus. Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.

Arbeidsoppgåver

    yte heilskapleg og fagleg forsvarleg sjukepleie til bebuarane våreobservere, vurdere og følgje opp endringar i pasientane sin helsetilstandhandtere legemiddel og dokumentere i journalsystemet Cosdocsamarbeide tett med pårørande, tilsynslege og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløpbidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

    norsk autorisasjon som sjukepleiarbeherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Vi søker deg som

    er engasjert og lærevillighar motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskaphar stor arbeidskapasitetbidreg positivt til eit godt arbeidsmiljøhar gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandlinghar grunnleggande datakunnskapar – vi nyttar fagprogrammet Cosdocer endringsvillig og løysingsorienterter trygg på å jobbe både sjølvstendig og i teamer trygg på å ta ansvar

Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr deg

    eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarartett samarbeid på tvers av profesjonar, der ulike fagkompetansar blir verdsetteein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorgmoglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljøein variert og meiningsfull arbeidskvardagfleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfrikompetansetillegg for relevant vidareutdanningrekrutteringstillegg på kr 35 000 per år 

Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga.

Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om bebuarane og kvarandre. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Du søker elektronisk.Link til søknadsskjema:

Søk her

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 07. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 07. okt. 2026.

2 endringer i 3 øyeblikksbilder.

  • 07. okt. 2026
    • Lokasjon endretSUNNFJORDFØRDE
  • 07. okt. 2026
    • Lokasjon endretFØRDESUNNFJORD

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverSNSunnfjord kommune Naustdal omsorgssenter4 stillinger i databasen