Senior HR-Rådgjevar

LALeirvik AS
STORDFast Publisert 9 dager sidenFrist 31. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet62/100Hvordan?
LønnAnslått 48 504 kr – 66 562 kr per måned
HistorikkObservert i 8 dagerFørst observert 07. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 200 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Yrke2
Senior HR Manager · 1 aktive nå
Arbeidsgiver4
Leirvik AS · 2 aktive nå

Hele basen: 73 200 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 440 aktive nå, 32 630 arbeidsgivere og 143 779 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du bidra til å vidareutvikle HR-faget i Leirvik?

Vi søkjer ein erfaren og engasjert Senior HR-rådgjevar som vil vere ei sentral støtte for leiarar og tilsette i verksemda. Rolla har eit særskilt ansvar for rådgjeving innan arbeidsrett, tariffavtalar, arbeidstidsordningar, bemanning og omstillingsprosessar, og vil bidra til å sikre ein profesjonell og einskapleg HR-praksis på tvers av organisasjonen.

Arbeidsoppgaver

    Rådgjeving og støtte til leiarar innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning
    Ansvar for, og vidareutvikling av prosessar knytte til tariffavtalar, arbeidstidsordningar, overtid og rotasjonsordningar
    Bistå i bemanningsplanlegging og rekruttering
    Ansvar for innleige og rammeavtalar
    Bistå ved omstillingar, permitteringar og nedbemanningsprosessar
    Samarbeid, drøftingar og forhandlingar med tillitsvalde og fagforeiningar
    Oppfølging av sjukefråvær og IA-arbeid i samarbeid med leiarar
    Koordinering og oppfølging av kompetanseutvikling og opplæringstiltak
    Bidra til utvikling og standardisering av HR-system, rutinar og prosessar
    Samarbeide tett med HR-teamet for å sikre einskapleg HR-praksis i organisasjonen

Kvalifikasjoner

    Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
    Solid erfaring frå operativt og strategisk HR-arbeid, gjerne frå industriell eller operativ verksemd
    God kunnskap om arbeidsmiljølova, tariffavtalar og kollektiv arbeidsrett
    Erfaring med arbeidstidsordningar, bemanning og arbeidsrettslege problemstillingar
    Erfaring med forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde og fagforeiningar
    Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlige egenskaper

    Er ein tydeleg og tillitsskapande rådgjevarArbeider strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
    Har høg integritet og god rolleforståing
    Er sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre

Vi tilbyr

    Ei sentral rolle i utviklinga av HR-arbeidet i Leirvik
    Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
    Eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø
    Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
    Konkurransedyktige vilkår

Kontaktinformasjon

[email protected]

Arbeidssted

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Leirvik AS er ei moderne verksemd med nær 280 medarbeidarar, og eit sterkt fagmiljø. Etter meir enn 50 år som leiande innan design, bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, har me utvida satsinga vår til nye område som infrastruktur, akvakultur og havvind, samstundes som me held fram vår sterke posisjon innan LQ og moduler.

Vårt ingeniørmiljø utviklar teknologi og løysingar for blant anna bustadhotell, bruer og landbasert oppdrett– både på eige verft på Stord og offshore.

Omstilling har alltid vore ein del av historia vår, og suksessen byggjer på ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.

Og det aller viktigaste: Me har gode folk på alle plan!

Sektor

Privat

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 07. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 07. okt. 2026.

1 endring over 1 dager i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 08. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverLALeirvik AS4 stillinger i databasen