Ventilasjonsmontør-- ventilasjonsanlegg/HVAC \| Sunnhordland
WAWestvent ASDatasettet bak annonsen· 73 078 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 078 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 341 aktive nå, 32 592 arbeidsgivere og 143 536 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du vere med å bygge montasjemiljøet i Sunnhordland?
Rett person får nøkkelansvar for vidare utvikling av montasjeverksemd i konsernet -- og høve til å vere med på eigarsida.
Westvent AS ser etter montørar med røynsle frå montering av ventilasjonsanlegg og kanalnett. Me treng ein som kan ta sjølvstendig ansvar for mindre prosjekt, og som trivst som utøvande BAS på større -- men me er like interesserte om du er ein dyktig montør som vil gjere godt handverk i eit godt lag.
Du kjem til å montere kanalnettverk, aggregat, spjeld, ventilar og tilhøyrande utstyr -- og sørgje for at anlegget er klart til igangkøyring. På prosjekt der du er leiar koordinerer du eige arbeid og underentreprenørar, følgjer framdriftsplan og syter for at monteringa er i samsvar med teikningar og krav.
Du jobbar tett med ingeniørar i søsterselskapet som prosjekterer anlegga, og med serviceteknikkarar som tek over etter deg. I ryggen har du støtte frå eit stort etablert montasjeselskap i Bergen. Du slepp å stå åleine -- men du må like å eige arbeidet ditt.
Kva me ser etter:
Relevant fagbrev er ynskjeleg -- men dokumentert røynsle frå HVAC-montasje tel like mykje.
Erfaring med å lese og følgje ventilasjonsteikningar.
Blikkenslagerarbeid.
Vand med å arbeide strukturert og levere ferdig til avtalt tid
Førarkort klasse B
Noko reiseverksemd ut av Sunnhordland må påreknast.
Kontorplass på Stord eller Husnes.
Send ein enkel cv -- så tek me ein prat.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 14. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 14. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 14. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.