Vi søkjer etter ein sjukepleiar i 100 % fast stilling ved korttidsavdelinga
OKOsterøy kommuneDatasettet bak annonsen· 73 078 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 078 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 341 aktive nå, 32 592 arbeidsgivere og 143 536 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 01.11.2026, med oppstart etter nærare avtale.
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 64 plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasienter og den siste gruppa er ei kortidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste, som også har ansvar for heimebuande og bufellesskapet. Stillinga er ved korttidsavdelinga, med todelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Frå mars 2027 er det mogleg å få turnus med langvakter på 14 timar.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter pasientar med ulike og samansette behov, ofte i overgangen mellom sjukehus og heim.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna sjukepleiefagleg oppfølging, vurdering og observasjon, legemiddelhandtering og koordinering av tenester. Du vil også ha tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, på tvers av andre einingar, sjukepleiarteam internt, samt med pårørande og anna helsepersonell.
Du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø, der kompetansen din er viktig for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss får du høve til å bruke og utvikle sjukepleiefaget – og gjere ein viktig skilnad for pasientane kvar dag.
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trivst i lag med menneske i ulike livssituasjonar, og som ønskjer å bidra til tryggleik, meistring og gode pasientforløp.
Du er engasjert, arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Du likar å ta ansvar, samtidig som du bidreg til å spele kollegaene dine gode. Du er opptatt av å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande og kollegaer.
Er du sjukepleiar med godt humør og ei positiv innstilling, kan dette vere stillinga for deg!
Høyrest dette ut som deg, eller kanskje kjenner du nokon som kunne passa? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
Arbeidsoppgåver
Dokumentasjon i journalsystemet Profil.
Kvalifikasjonar
Må ha autorisasjon som sjukepleiar
Ha evne til å gjere faglege vurderingar og gjennomføre desse og å utvise godt skjønn
Vera opptatt av kvalitet og å holde deg fagleg oppdatert
Du er fleksibel, endringsvillig og løsningsorientert
Du må ha gode samarbeidsevner
Gode norskkunnskaper - munnleg og skriftleg
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Å vera personleg eigna vil bli vektlagt
Krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om ein får tilbod om stillinga
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 02. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 02. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.