Vil du vere med og gjere utdanning mogleg?

LLånekassen
ØRSTAFast Publisert 15 dager sidenFrist 18. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet61/100Hvordan?
LønnAnslått 45 921 kr – 62 427 kr per måned
HistorikkObservert i 15 dagerFørst observert 30. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 831 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 831 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 166 aktive nå, 32 489 arbeidsgivere og 142 959 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Kanskje har du sjølv eller nokon du kjenner, fått studiestøtte av Lånekassen? Dei fleste av søknadene vi får inn blir behandla automatisk, men nokre av dei må vurderast av ein av våre dyktige saksbehandlarar. No kan du bli ein av dei som behandlar søknader og svarer på spørsmål om lån, stipend og tilbakebetaling. Vi skal tilsette nye saksbehandlarar til kontoret vårt i Ørsta– har du lyst til å gjere utdanning mogleg?

Viktig å vite for deg som søker 

    Du treng ikkje skrive søknadsbrev når du søker på denne jobben. 
    Du vil få fleire spørsmål som du må svare på i søknadsportalen, og desse spørsmåla erstattar søknadsbrevet. 
    Det er også viktig at du fyller ut CV i søknadsportalen utfyllande, slik at vi får eit rett bilete av den erfaringa du har (du treng ikkje å laste opp CV som eige vedlegg). 

Arbeidsoppgåver

    Saksbehandling innanfor tildeling og tilbakebetaling av utdanningsstøtte.Noko informasjon og rettleiing til kundar på telefon (andrelinje). 

I Lånekassen har vi fleire typar stipend og lån, og ulike ordningar for dei som betaler tilbake på studiegjelda. Det gjer at vi har eit omfattande regelverk, som krev nøyaktige saksbehandlarar som klarer å sette saman informasjon og opplysingar frå kundane til å fatte riktige vedtak. 

Vi tar atterhald om endringar i arbeids- og ansvarsområde.

Om deg

Vi trur du vil trivast best med oss om du er nøyaktig, strukturert og liker å jobbe med detaljar. Oppgåvene du handterer er ofte komplekse og krev derfor at du kan sette deg inn i eit omfattande regelverk, og heldigvis blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø. Du arbeider sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver, men samarbeider også godt med andre når det er nødvendig. Du set deg raskt inn i både tekniske løysingar og endringar i regelverk, og kan omstille deg dersom det skulle oppstå situasjonar som krev det. Du er flink til å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag.

Dette gjer deg kvalifisert til stillinga

Du må ha 

    høgare utdanning frå universitet eller høgskole på minimum bachelornivå 
    gode ferdigheiter i bruk av ulike IT-verktøy/program 
    god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 

I tillegg ser vi etter deg som har 

    noko erfaring med saksbehandling og/eller administrative oppgåver  
    god kjennskap til utdanningssystemet i Noreg. 

Vi legg vekt på personleg eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Vi har eit stort hjarte for samfunnsoppdraget om å gjere utdanning mogleg. Hos oss får du engasjerte og fagleg sterke kollegaer. 

I Ørsta blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som er svært opptatte av kundane våre. Vi held til i lyse og fine lokale i Ørsta Torg, med kort avstand til sentrum, kollektivtrafikk og parkeringsplassar. På huset har vi treningsrom, ideelt for dei som tar trimmen rett før eller etter arbeidstid. Vi er opptatte av arbeidsmiljø og har ein del sosiale aktivitetar. Vi er i dag 37 tilsette på Ørstakontoret. 

Vi veit at ein god balanse mellom arbeid og fritid er viktig for at du skal trivast og yte ditt beste, og vi veit at livet har ulike fasar. Derfor legg vi til rette for ein fleksibel arbeidskvardag. Hos oss er du velkomen på kontoret kvar dag, men med moglegheit for å jobbe inntil to dagar i veka heimanfrå. 

I tillegg kan vi tilby: 

    god opplæring og oppfølging med fadder 
    fleksibel arbeidstid og sommartid 
    moglegheit til 1 time trening i arbeidstida per veke 
    eit sosialt og hyggeleg arbeidsmiljø prega av trivsel og samarbeid 
    to prosent av løna di blir trekt for medlemskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings-, låne- og pensjonsordningar 

Du vil bli tilsett som 1408 Førstekonsulent med lønsplassering frå [phone] kroner, avhengig av utdanning og erfaring.  


Mangfaldig og inkluderande arbeidsliv   
Vi er opptatte av at våre kollegaer representerer heile befolkninga, og oppfordrar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søke. Du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Treng du tilrettelegging, ivaretar vi det.   

Praktiske opplysningar   
Du treng ikkje skrive søknadsbrev når du søker på denne jobben. Du vil få fleire spørsmål som du må svare på norsk i søknadsportalen, og desse spørsmåla erstattar søknadsbrevet. Du treng ikkje å legge ved CV som eige vedlegg, men det er viktig at du fyller ut CV i søknadsportalen utfyllande slik at vi får eit rett bilete av den erfaringa du har. Du må legge ved karakterutskrift og attestar elektronisk i søknaden. Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2. Dette gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål. 

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du forklare dette i søknadsskjemaet. Opplysningane kan bli gjort offentlege sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontaktinformasjon

Marianne Aspehaug, Gruppeleder, 90209306, [email protected] Aarset, Regiondirektør, Avdeling for saksbehandling, 99366429, [email protected]

Arbeidssted

Vikegata 256150 Ørsta

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgiver: LånekassenReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 18.10.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 30. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 30. sep. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverLLånekassen4 stillinger i databasen