Vil du leia Ryfylkemuseet?

RRyfylkemuseet
SAND Publisert 13 dager sidenFrist 26. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet38/100Hvordan?
LønnAnslått 73 443 kr – 97 599 kr per måned
HistorikkObservert i 15 dagerFørst observert 30. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 346 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 346 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 575 aktive nå, 32 710 arbeidsgivere og 144 094 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vil du leia eit museum som tek vare på kulturarven i Ryfylke og gjer han levande for nye generasjonar? Ryfylkemuseet søkjer no etter dagleg leiar.

Ryfylkemuseet tek vare på kulturminne, bygningar, gjenstandar og historier frå heile regionen. Me driv aktiv formidling og forsking, og er ein møteplass for både lokalbefolkning og tilreisande. Med eit rikt grunnlag og spennande vekstpotensial søkjer Ryfylkemuseet ein dagleg leiar som vil utvikla museet gjennom aktuelle utstillingar, nyskapande formidling og faglege prosjekt. Som dagleg leiar får du høve til å vidareutvikla museet sitt samfunnsoppdrag og sikra at kunnskapen og kulturarven vår blir tilgjengeleg og relevant for fleire.

Sentrale arbeidsoppgåver

Som dagleg leiar er du øvste leiar for museet, med ansvar for både drift, fagleg utvikling og økonomi.

Du skal:

    Utvikla og følgja opp planverk og faglege satsingar

    Representera museet i dialog med kommunar, institusjonar, lag og publikum

    Leia organisasjonen og følgja opp dei tilsette

    Sikra økonomistyring, budsjettering og årsrekneskap

    Rapportera til styret og tilskotsgivarar

    Stillinga inneber noko reiseverksemd i regionen og krev førarkort

Kvalifikasjonar

Me ønskjer ein leiar som kombinerer gjennomføringsevne med evne til å engasjera og samla andre.

Du har gjerne erfaring frå museum eller kulturfeltet, men me er òg opne for annan relevant bakgrunn.

Me ser etter deg som:

    Har dokumentert leiarerfaring og resultat

    Har høgare utdanning innan relevante fag

    Har solid økonomiforståing og erfaring med styring

    Samarbeider godt, men tek òg tydelege avgjerder

    Kommuniserer klart, både skriftleg og munnleg

    Har evne til å gjera museet synleg og relevant for fleire

Me tilbyr

    Eit viktig samfunnsoppdrag i ein sentral kulturinstitusjon

    Høve til fagleg og personleg utvikling

    Eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø

    Fleksibel arbeidstid og medlemskap i KLP

    Kontor med utsyn mot fjord og fjell

Me ønskjer at dagleg leiar bur i regionen, og kan tilby praktisk hjelp i samband med flytting.

Send søknad innan 26.10.26. Søknad skal sendast til

[email protected]

.

Har du spørsmål om museet eller stillinga, er du velkomen til å kontakta styreleiar Berit Søvik Østerhus på telefon 977 55 303 eller konsulent Robert Helland-Olsen på telefon 908 40 778.

Meir informasjon finn du òg her: https://ryfylkemuseet.no

Om bedriften

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum som består av 20 unike kulturdestinasjonar.

Me har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen, og tek vare på rundt 80 bygningar med historisk verdi.

Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal.

Formålet til Ryfylkemuseet er å vera ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar knytte til kulturarven vår, og ein samfunnsaktør som bidreg til positiv bygdeutvikling.

Museet har fleire fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 30. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 02. okt. 2026.

1 endring i 2 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 30. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverRRyfylkemuseet1 stilling i databasen