Rådgivar kommunal planlegging

MRMøre og Romsdal fylkeskommune
MOLDE Publisert 17 dager sidenFrist 19. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet50/100Hvordan?
LønnAnslått 48 749 kr – 65 121 kr per måned
HistorikkObservert i 17 dagerFørst observert 28. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 130 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 130 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 412 aktive nå, 32 610 arbeidsgivere og 143 666 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Ønskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar i kommunal planlegging.

Arbeidsoppgåver

    Ha dialog med kommunane om konkrete saker, svare på spørsmål og delta på møte og synfaringar hos kommunane i fylket

    Vere med å utvikle og styrke rettleiingstilbodet fylkeskommunen gir kommunane innan arealplanlegging

    Samordne innspela frå dei ulike ansvarsområda i fylkeskommunen i eit felles brev med ei tilråding. Gjennom ordninga med plansamordning arbeider rådgivaren tett med andre avdelingar i fylkeskommunen.

    Skrive saksframlegg til fylkesutval i saker der fylkeskommunen reiser motsegn eller klage

    Vere med å gjennomføre regionalt planforum

    Gjennomføre kurs, konferansar og faglege plannettverk for kommunane

    Delta i utviklingsarbeid i fylket der plankompetanse er etterspurt

    Delta i utarbeiding av interkommunale planar og regionale planar

    Delta i regionale, nasjonale og internasjonale fora for å hente ny kunnskap, inkludert forskingsprosjekt

    Ein må forvente at arbeidsoppgåvene vil kunne bli tilpassa nye behov innanfor dette fagområdet

Kvalifikasjonar

    Du har utdanning på masternivå, gjerne som arealplanleggar, jurist eller tilsvarande, og minst 5 års relevant yrkeserfaring frå arealplanlegging eller planforvaltningLang og relevant erfaring kan i vurderinga kompensere for manglande formell utdanningDu har god kjennskap til plan og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og anna relevant lovverkDu har gode digitale ferdigheiter og kompetanse i GIS-verktøyDu har god forståing av skillet mellom politikk og administrasjon

Personlege eigenskapar

    Du er positiv, serviceinnstilt og løysingsorientertDu er faglig trygg, har gode refleksjonar og trivst med tverrfagleg samarbeidDu er god til å formulere deg skriftleg og munnleg på norskDu er samfunnsinteressert - og har gjerne kunnskap om lokale forhold i Møre og Romsdal

Vi tilbyr

    Moglegheit til å påverke framtida for lokalsamfunna i Møre og Romsdal --- arbeidet ditt får synleg, reell betydning for korleis kommunane utviklar segEit fagleg sterkt og trivelig miljø med fleire planleggarar å spele på, der du ikkje står åleine med vanskelege vurderingarGode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, konferansar og nasjonale/internasjonale nettverkFleksitid og gode moglegheiter for å kombinere jobb og familielivOffentleg tenestepensjon (ein av dei beste pensjonsordningane i norsk arbeidsliv), gruppelivs- og ulykkesforsikringLøn etter avtaleArbeidsstad er i utgangspunktet i Molde, men Kristiansund eller Ålesund kan vere mogleg etter ein opplæringsperiode

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.

Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (3 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 28. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 28. sep. 2026.

2 endringer i 3 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 28. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
  • 28. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverMRMøre og Romsdal fylkeskommune1 stilling i databasen