Sjukepleiar natt

AIAukra kommune Institusjonstenester
AUKRAVikariat Publisert 21 dager sidenFrist 15. okt. 2026Siste dag å søke!
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet82/100Hvordan?
Lønn30 541 kr
HistorikkObservert i 20 dagerFørst observert 25. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 200 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 200 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 440 aktive nå, 32 630 arbeidsgivere og 143 779 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi i Aukra søkjer deg som er sjukepleiar, som trivs med nattarbeid og  som ønskjer å utgjere ein forskjell i nokon sitt liv, som fast nattevakt i 100% stilling.

Vi investerer i våre tilsette, og legg derfor til rette for vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen for eininga.

Om oss

Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen, 12 minutt med gratis ferje frå Hollingsholmen. Det er ein fin reiseveg til ferja, uansett om du bur i Molde eller Hustadvika.

Vi flytta inn i Aukra Omsorgssenter i 2018. Omsorgssenteret består av:

    Sjukeheim med tre ulike avdelingar; langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling.20 heildøgns omsorgsboligar som blir betent av heimetenestaBase for heimebaserte tenesterLegevaktsatellittDagsenterAdministrasjonKjøkken/kantineFrisør og neglesalongLokale som blir nytta av ergo/fysio.

Om stillinga

Ledig vikariat 100% på natt som sjukepleiar. Det kan bli moglegheit for fast stilling. Vi tilrettelegg for vidareutdanning, og har ei rekke andre godar vi ønskjer å tilby deg som nattevakt.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein person som:

    Spreier arbeidsgledeEr raus med kollegaene sineEr engasjert og fagleg dyktigHar gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegHar godkjend bachelor i sjukepleieDet er ønskjeleg med erfaring frå eldreomsorgaDet er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen 

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ser etter

Arbeidsoppgåver

    Sjukepleiefagleg oppfølging og observasjon av pasientar/bebuarar gjennom nattaHandtering og vurdering av akutte situasjonarAdministrering av medikament og dokumentasjon etter gjeldande rutinerSamarbeid med lege, legevakt og anna helsepersonell ved behov.Mottak og handtering av pasientar på legevaktsatellitt, i samråd med Molde interkommunale legevaktIvaretaking av pasientane sine grunnleggjande behov og tryggleikRettleiing og samarbeid med kollegaer og anna pleiepersonellSikre god kommunikasjon og rapportering mellom vaktskiftaArbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningslinjerDelta i kvalitetsarbeid og bidra til fagleg utvikling på arbeidsplassen 

Vi tilbyr

    Vi har eit framforhandla  tillegg på 22 500 kr/år for sjukepleiarar som går nattAukra kommune sitt eige stabilitetstillegg på 100 000 kr som blir utbetalt kvart fjerde år100 % stilling utgjer om lag 130 000 kr i året i nattevaktstillegg8 års ansiennitet frå fyrste arbeidsdagTilrettelegging for vidareutdanning i tråd med kommunen si kompetanseplanEit veldig kjekt og innhaldsrikt arbeidsmiljø, der ein er fire nattevakter saman kvar nattevaktEin arbeidsplass som ønskjer å leggje til rette for deg når det trengstEin draumeturnus kor vi kan legge til rette for lengre friperiodarLøn etter tariffAukra kommune har heiltidskultur, men vi er åpen for redusert stilling om du ønskjer detDekt legevaktskurs og kurs i vald- og overgrepshandtering

Oppstart
Etter avtale

Arbeidstid

Turnus, natt, alle dagar

Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søk på jobben
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Søk her

Om bedriften

Aukra Omsorgssenter er nytt og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og korttidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustader. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 25. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 25. sep. 2026.

1 endring over 1 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 26. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAIAukra kommune Institusjonstenester2 stillinger i databasen