Helsesekretær – 100 % vikariat

AKAustrheim kommune
AUSTRHEIMVikariat Publisert 21 dager sidenFrist 15. okt. 2026Siste dag å søke!
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet60/100Hvordan?
LønnAnslått 37 022 kr – 62 430 kr per måned
HistorikkObservert i 21 dagerFørst observert 24. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 802 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 802 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 124 aktive nå, 32 479 arbeidsgivere og 142 862 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til eit eittårsvikariat som helsesekretær frå 4. januar 2027, med moglegheit for fast tilsetting. Har du annan relevant helsefagleg kompetanse, kan du òg vere aktuell for vikariatet.

Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø, der godt samarbeid og god pasientflyt står sentralt. Stillinga inneber varierte kontorfaglege oppgåver, bruk av digitale løysingar og arbeid med å sikre gode og effektive arbeidsprosessar i kvardagen.

Ved Austrheim legekontor arbeider det to fastlegar, to LIS1-legar og kommuneoverlege. I tillegg har kontoret tre stillingar for hjelpepersonell, fordelt på to sjukepleiarar og éin helsesekretær. Du blir dermed del av eit lite og oversiktleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper.

Austrheim legekontor er ein aktiv og variert arbeidsplass med fastlegepraksis og daglegevakt. Legane ved kontoret har òg tilsynslegefunksjon ved sjukeheimen og legefunksjon ved helsestasjonen. Dette gir ein variert arbeidskvardag og eit breitt fagleg miljø.

Arbeidsoppgåver

    Arbeidet består av relevante oppgåver ved legekontoret, mellom anna resepsjon, telefonkontakt, laboratorieoppgåver og prosedyrearbeid.Kontorfaglege oppgåverMedansvar for kontroll av medisinsk-teknisk utstyrOppfølging knytt til HELFO-registreringDet vil vere rotasjon på ein del av oppgåvene
     

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav

    Autorisasjon som helsesekretær. 
    Vi søkjer primært etter autorisert helsesekretær, men søkjarar med anna relevant helsefagleg utdanning og kompetanse kan òg bli vurderte.
    God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskGode IKT-kunnskapar og god systemforståing

Ønskte kvalifikasjonar

    Erfaring frå arbeid ved legekontor eller legevaktKjennskap til HELFO-registreringErfaring med Infodoc eller andre journalsystemFørarkort klasse B

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer deg som er framoverlent og blir motivert av utviklingsarbeid. Du er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner. Du arbeider sjølvstendig, samtidig som du trivst godt med å jobbe i team. Du er effektiv, ansvarleg og løysingsorientert. I ein aktiv og variert arbeidskvardag er du fleksibel og evnar å prioritere og omstille deg når situasjonen krev det.

Vi tilbyr

    Du blir ein del av eit viktig samfunnsoppdrag, der du arbeider tett på pasientar, pårørande og kollegaer.Du får ein utfordrande, variert og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med erfarne medarbeidarar.Varierte arbeidsoppgåverMoglegheit for kompetanseutvikling innan fagområdetMoglegheit til å delta i utviklingsarbeidGod pensjonsordning gjennom KLPTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Heim til Austrheim

Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Om bedriften

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn! 

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 24. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 24. sep. 2026.

1 endring i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 25. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverAKAustrheim kommune5 stillinger i databasen