Dagleg leiar i Bore kyrkje og assisterande kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege fellesråd

KKKlepp kyrkjelege fellesråd
KLEPPEFast Publisert 22 dager sidenFrist 18. okt. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet79/100Hvordan?
LønnAnslått 44 679 kr – 65 533 kr per måned
HistorikkObservert i 22 dagerFørst observert 23. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 907 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 907 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 216 aktive nå, 32 514 arbeidsgivere og 143 134 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Dagleg leiar i Bore sokn 60-70 % stilling, fast stilling

Assisterande kyrkjeverje 30 % stilling, fast stilling

I Klepp har vi behov for ny dagleg leiar i Bore sokn og assisterande kyrkjeverje i Klepp kyrkjelege fellesråd, til saman inntil 100 % stilling. Du som søkjer kan enten søkje berre stillinga som dagleg leiar, eller både som dagleg leiar og assisterande kyrkjeverje.

Vil du vere med og utvikle eit levande, ope og inkluderande sokn?

Vi søkjer ein engasjert og strukturert dagleg leiar som ønskjer å bidra til at soknet kan vere ein open møteplass for tru, fellesskap og samfunnsengasjement. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å leggje til rette for arbeidet i soknet gjennom administrativ leiing, planlegging og koordinering.

Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere leiing, organisasjonsutvikling og samarbeid med tilsette, frivillige og sokneråd.

Bore sokn har om lag 3 300 medlemmer og er eit «tregenerasjonssokn». Staben består av dagleg leiar, prest, trusopplærarar, sekretær, kyrkjetenar og reinhaldar (fleire av desse er deltidsstillingar). Bore deler diakon med dei andre sokna i kommunen. Arbeidsstad vil vere ved kyrkjekontoret i rådhuset på Klepp.

Arbeidsoppgåver som dagleg leiar

    Dagleg administrativ leiing av verksemda i soknet
    Førebu saker og følgje opp vedtak frå soknerådet Økonomioppfølging, budsjettarbeid og rapportering Personaloppfølging og koordinering av tilsette i soknet Rekruttering, oppfølging og utvikling av frivillige medarbeidarar Planlegging og koordinering av aktivitetar og arrangement i soknet Informasjons- og profileringsarbeid for soknet Samarbeid med andre sokn i kommunen, skular og barnehagar, og andre samarbeidspartnarar Bidra til strategisk utvikling av soknet

Arbeidsoppgåver som assisterande kyrkjeverje

Som assisterande kyrkjeverje vil du vere ein del av leiargruppa med delt ansvar. Vi fordeler oppgåver etter den einskilde sin kompetanse, erfaring og interesse. Som assisterande kyrkjeverje vil du etter avtale få særskilt ansvar for eitt av desse områda:

    Personalarbeid Forvaltning av bygningar og eigedomar Økonomiarbeid som budsjett- og rekneskapsoppfølging Andre administrative leiingsoppgåver

Vi søkjer deg som

    Har relevant høgare utdanning innan eitt eller fleire av desse fagfelta: administrasjon, leiing,
    økonomi, personalarbeid eller tilsvarande
    Har erfaring frå leiing, organisasjonsarbeid eller administrasjon, gjerne innan kyrkjeleg eller anna kristent arbeid Er strukturert og har god kapasitet og gjennomføringsevne Har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg Har gode samarbeidsevner Er komfortabel med økonomi og administrative system Kan arbeide sjølvstendig og samstundes byggje gode lag rundt deg Har forståing for verdigrunnlaget og oppdraget til Den norske kyrkja Gjerne har lokalkunnskap og forståing for Rogaland og Jæren Har kompetanse i bruk av digitale verktøy Er medlem i Den norske kyrkja

Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og at rett person blir tilsett i stillinga.

Vi tilbyr

    Ei variert og meiningsfull leiarstilling
    Moglegheit til å prege utviklinga av soknet Eit godt arbeidsfellesskap med engasjerte tilsette og frivillige Gode moglegheiter for fagleg utvikling Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor Pensjonsordning i KLP

Anna

Søkjar må kunne disponere eigen bil. Det vil vere noko arbeid på kveldstid og ettermiddagar, samt helgearbeid enkelte gonger. Den som får stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt kyrkjeverje Arvid Kaspersen, 951 49 973, eller assisterande kyrkjeverje Hilde Djønne, 481 25 450.

Kontaktinformasjon

Arbeidssted

Nøkkelinformasjon

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 23. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 23. sep. 2026.

1 endring over 1 dager i 4 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 24. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverKKKlepp kyrkjelege fellesråd1 stilling i databasen