Vi søkjer etter bioingeniør i grunnstilling - hos oss får du både fagleg vekst og gode vilkår
LMLaboratorieklinikken/ MBF Voss, Helse Bergen HFDatasettet bak annonsen· 72 831 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 831 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 166 aktive nå, 32 489 arbeidsgivere og 142 959 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ser du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?
Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig fast 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.
Kva kan vi tilby deg?
Fagleg mangfald: Arbeid innan fleire fagfelt som gir deg høve til å utvikle deg på tvers av spesialitetar. Vi tilbyr fagfelt innan hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologi hurtigtestar.
Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi har eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og lærer av kvarandre.
Balanse mellom jobb og fritid: Voss er omgitt av fantastisk natur og har eit rikt tilbod av utandørsaktivitetar, frå fjellturar og rafting til alpint og paragliding. Her kan du både nyte naturen og ha ein aktiv livsstil.
Kultur og fellesskap: Voss har eit mangfaldig kulturliv med kjente festivalar som Vossajazz og Ekstremsportveko, samt Voss Cup med tusenvis av deltakarar kvart år.
Konkurransedyktig lønn og vilkår: Vi tilbyr løn etter overeinskomst, samt eigne tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning. For deg som kjem utanfrå, har vi gode ordningar for bustad.
Voss – ei bygd i vekst!
Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknyting til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek berre 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Oppstart etter avtale.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her
Arbeidsoppgåver
Som vaktgåande bioingeniør i turnus vil du i det daglege rullere mellom ulike fagspesifikke einingar innan feltet medisinsk biokjemi: preanalyse, klinisk kjemi/immunkjemi, hematologi og koagulasjon og pasientnær analysering.
Oppgåver knytte til transfusjonsmedisin inneber mellom anna typing og screening. Laboratoriet ved Voss sjukehus utfører óg ulike hurtigtestar innan fagområdet mikrobiologi.
Tilsette ved laboratoriet er ein del av traumeteamet på Voss sjukehus, noko som bidreg til å oppretthalde akuttfunksjonen ved sjukehuset. Laboratoriet ved Voss sjukehus er ein seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus. Vegleiing av studentar er difor òg ei viktig arbeidsoppgåve for tilsette på laboratoriet.
Det er arbeidshelg kvar 3. helg i tredelt turnus. Dette gir ei arbeidsveke på 35,5 time.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Julie Hustveit, Konstituert seksjonsleiar, [email protected] Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, [email protected]
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 18.10.2026
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 22. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 22. sep. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.