Bioingeniør II

MBMedisinsk biokjemi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
HJELSETFast Publisert 3 dager sidenFrist 02. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet64/100Hvordan?
LønnAnslått 42 181 kr – 59 155 kr per måned
HistorikkObservert i 3 dagerFørst observert 12. okt. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 830 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 830 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 165 aktive nå, 32 488 arbeidsgivere og 142 958 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Vi treng ein dyktig bioingeniør som er klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal.

Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør II.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i 2025. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt!

Stillinga er knytt til fagområdet PNA og Urinundersøkingar. Fagområdet har ansvar for oppfølging av PNA-utstyr på sjukehuset sine avdelingar. Innanfor urinanalysar har vi automatisert stix- og urinmikroskopi-instrument, som ein av dei få i Norge. 

Som bioingeniør II vil du vere ein viktig støttespelar for fagbioingeniør på fagområdet. Du vil også arbeide i ein tredelt turnus. Det betyr at du også vil få opplæring innanfor dei andre fagområda som inngår i vaktarbeidet.

Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønske og behov.

Ved et eventuelt internt opprykk vil vi få ei fast ledig stilling som bioingeniør i vaktturnus. Vi ber søkjarar om å gjerne oppgi om dei er interessert i dette.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

    Stedfortreder for fagbioingeniør på fagområdetBistå fagbioingeniør med arbeidsoppgåvene på fagområdetDelta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsbeskriving for den einskilde seksjonDelta i laboratoriet sin vaktturnusBidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutviklingSørgje for å halde seg fagleg oppdatertBidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet

Kvalifikasjonar

    Bioingeniør med norsk autorisasjonRelevant praksis vil bli vektlagtMå meistre norsk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

    Du er fagleg engasjert og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljøDu har gode formidlingsevnerDu er strukturert, målretta og løysingsorientertDu har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeidDu har evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling og nytenking

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

    Ei spennande og meiningsfylt stilling i eit spennande fagmiljø Eit inkluderande arbeidsmiljøSterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehusetEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Opdølvegen 46450 Hjelset

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 02.11.2026

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 12. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 12. okt. 2026.

Ingen endringer registrert siden første observasjon.

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverMBMedisinsk biokjemi SNR, Helse Møre og Romsdal HF1 stilling i databasen