2. gangs utlysing Sjukepleiar - fast stilling på natt

EOEidet omsorgssenter avd 1, Haram kommune
TENNFJORDFast Publisert 25 dager sidenFrist 01. nov. 2026
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet52/100Hvordan?
LønnAnslått 48 408 kr – 66 906 kr per måned
HistorikkObservert i 24 dagerFørst observert 21. sep. 2026
Datasettet bak annonsen· 73 260 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 73 260 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 534 aktive nå, 32 654 arbeidsgivere og 143 973 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.

Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.

Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

    Helsefaglege oppgåver.Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane. Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

    Autorisasjon som sjukepleiar.Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg. Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

    I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Godt humør og positiv framtoning. Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

    Tverrfagleg samarbeid.Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver. Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på. Gode turnustekniske løysingar. Løn etter tariff. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, [email protected]

Arbeidsstad

Trolldalssletta 126264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 65%FastSøknadsfrist: 01.11.2026

Annonsehistorikk (4 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 21. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 21. sep. 2026.

1 endring over 22 dager i 4 øyeblikksbilder.

  • 13. okt. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
    • Frist endret02. okt. 202601. nov. 2026

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverEOEidet omsorgssenter avd 1, Haram kommune3 stillinger i databasen