Spesialergoterapeut
OKOrtopedisk klinikk/ Ergoterapiavdelinga, Helse Bergen HFDatasettet bak annonsen· 72 769 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 72 769 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 090 aktive nå, 32 461 arbeidsgivere og 142 785 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til somatiske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet, og tilbyr eit spanande særfagleg og tverrfagleg fagmiljø. Det faglege engasjementet i avdelinga er stort med fokus på å tilby kunnskapsbaserte tenester. Vi er opptatt av tenesteutvikling og korleis tenestene kan forbetrast i tråd med utviklinga i helsetenesta. Dette gjer vi saman i eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede og samhold.
Vi har ledig fast 100% stilling for spesialergoterapeut frå 01.01.27 tilknytt Nevroklinikken.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk. Ved akuttpost er kartlegging av ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og oppfølging av arm-/handfunksjon sentralt. Ved nevrologisk poliklinikk gir ein tilbod til pasientar med aktivitetsvanskar som treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Ergoterapeuten inngår i tverrfagleg team ved dei ulike einingane. Som spesialergoterapeut vil ein ha medansvar for å sikre høg kvalitet i klinisk praksis og utvikling av tenestene.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsehistorikk (6 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 15. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 05. okt. 2026.
2 endringer over 20 dager i 6 øyeblikksbilder.
1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 15. sep. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
- 05. okt. 2026
- Frist endret04. okt. 202618. okt. 2026
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.