Serviceteknikar inneklima --- bli ein del av eit veksande fagmiljø i Sunnhordland
KEKvinnherad Energi Service ASDatasettet bak annonsen· 73 089 annonser i basen
fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 73 089 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 352 aktive nå, 32 598 arbeidsgivere og 143 551 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du ha ein jobb med fridom, variasjon og moglegheit til å utvikle deg?
KES(AS) er spesialist på ventilasjon og inneklima i Sunnhordland.
Vi jobbar med service, rehabilitering og energieffektive løysingar for moderne bygg -- og er i vekst.
No styrkjer vi laget og ser etter ein serviceteknikar innan ventilasjon og kjøling.
Ein variert arbeidsdag
Som serviceteknikar får du ein sjølvstendig kvardag med mykje ansvar. Du planlegg i stor grad dagen din sjølv og møter kundane direkte.
Arbeidet vil mellom anna bestå av:
Service og vedlikehald av ventilasjonsanlegg
Feilsøking på aggregat, vifter, varmepumper og automatikk
Rehabilitering og ombygging av eldre anlegg
Komponent- og aggregatbyte
Oppfølging av serviceavtalar og eigne kundar
Igangkøyring og innregulering.
Oppdraga er hovudsakleg i Kvinnherad, på Stord og elles i Sunnhordland .
Kontorplass kan være både på Husnes eller på Leirvik
Kven er du?
Du har gjerne fagbrev innan ventilasjon/røyr/blikkenslagarfaget, kulde- og varmepumpeteknikk, elektro eller automasjon.
Relevant erfaring frå drift og service på tekniske anlegg er også interessant.
Det viktigaste for oss er at du:
Er praktisk og løysingsorientert
Likar å finne feilen -- og fikse han
Er ryddig, påliteleg og god med kundar
Jobbar sjølvstendig, men trivst som ein del av eit lag
Har førarkort klasse B
Nyare i faget?
Det er heilt greitt. Er du lærevillig og har rett innstilling, vil vi gjerne høyre frå deg.
Dette får du hos oss
Fast stilling og konkurransedyktige vilkår
Servicebil, godt verktøy og moderne digitale løysingar
Ein variert arbeidsdag med stor grad av fridom
Eit sterkt fagmiljø innan ventilasjon, VVS og prosjektering
Moglegheit til å utvikle deg vidare i takt med selskapet
Høyrest dette interessant ut?
Ta kontakt med oss -- vi tek gjerne ein uformell prat.
Om bedriften
Kvinnherad Energi Service (KESAS) er din spesialist på ventilasjon og inneklima i Sunnhordland. Vi leverer smarte energisystemer for moderne bygg.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)
Først observert av fakt: 10. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 09. sep. 2026.
1 endring over 31 dager i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.
- 11. okt. 2026
- Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke
Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.