Fagleiar fysioterapi

ASAURLAND KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
AURLAND Publisert 11. des. 2025
Fakt om annonsen
Annonsekvalitet60/100Hvordan?
LønnAnslått 52 113 kr – 69 863 kr per måned
HistorikkObservert i 64 dagerFørst observert 12. aug. 2026
Datasettet bak annonsen· 72 894 annonser i basen

fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.

Hele basen: 72 894 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 176 aktive nå, 32 509 arbeidsgivere og 143 041 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag og ha ei sentral rolle i tenesta? Då oppmodar vi deg til å søke.

Som fagleiar har du ansvar for å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, og for å sikre at tenestene held høg kvalitet. 

Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda.

Hjå oss er det er også eit tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst.

Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule.

Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.

Arbeids- og ansvarsområde

    Utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringarKoordinering og tverrfagleg samarbeidRettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørandeDokumentasjon og elektronisk samhandlingHandsaming av søknadar, tilvisingar og iverksetjing av tenester Koordinering av det faglege arbeidet i fysioterapiavdelinga , og sikre at tenesteytinga er av god fagleg kvalitet. Sikre at turnusfysioterapeut får rettleiing i tråd med krav, og vere kontaktperson ovanfor utdanningsinstitusjonar og Statsforvaltaren i samband med dette.Ansvar for at Helfo oppgjer vert gjort i tråd med prosedyre, og for utarbeiding av fakturagrunnlag eigendelar for fysioterapi. Bistå i rapportering og søknad om tilskot innan fagområdet.Ansvar for å utarbeide og oppdatere rutinar og prosedyrar for fysioterapeut i kommunen sitt kvalitetssystem.

Me tilbyr

    ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter avtalefleksitidsordning tenestebilgratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen gratis inngang til symjehallen å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære barnehageplass i Aurland barnehage, med atterhald om ledig plass. 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

    Bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjonDet er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som:
    - geriatri
    - rehabilitering
    - barn og unge
    - psykomotorisk fysioterapi
    - lymfødem- og lipødembehandling
    Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftlegPersonlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Me vil at du:

    Er serviceinnstiltEr fagleg dyktigArbeider sjølvstendigHar god arbeidskapasitetSamarbeider godt med andre, og i teamHar behova til brukaren i fokusEr ansvarsbevist, strukturert og lojal

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

    tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.politiattest av nyare dato må leverast når du byrjar i stillinga

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til [email protected]. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 830 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Sektor

Offentlig

Annonsehistorikk (2 øyeblikksbilder)

Først observert av fakt: 08. sep. 2026. Kilden oppgir publisert 11. des. 2025.

1 endring over 2 dager i 2 øyeblikksbilder.

Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.

  • 10. sep. 2026
    • Beskrivelse endretannonseteksten ble endret — tidligere tekst vises ikke

Arbeidsgiverens aktivitet over tid

Hvert enkelt øyeblikksbilde med dato og innhold vises for innloggede medlemmer.

ArbeidsgiverASAURLAND KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON6 stillinger i databasen