fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 515 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 437 aktive nå, 34 091 arbeidsgivere og 158 328 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Start karriera di på Haukeland universitetssjukehus -- bli trainee!
Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar med op pstart 14. juni 2027.
Fast stilling - to år med nye moglegheiter. Heile Helse Bergen å utforske.
Er du nyutdannet sykepleier og nysgjerrig på kor sjukepleiarfaget kan ta deg? Hos oss får du moglegheita til å utforske ulike fagområde, møte ulike pasientgrupper og finne ut kva du verkeleg brenn for.
Som traineesjukepleiar ved Haukeland universitetssjukehus får du ein unik moglegheit til å bygge brei kompetanse og utvikle deg fagleg -- samtidig som du har tryggleiken i ein 100% fast stilling.
Tenk deg moglegheita!
Du treng ikkje å ha bestemt deg for fremtida. Du får moglegheita til å utforske den.
Traineeprogrammet går over to år. Du får 3 periodar på 8 månader på ulike einingar, noko som vil gi deg verdifull erfaring.
Hos oss får du:
Traineeprogrammet er for deg som ønsker ein spennande start på yrkeslivet, som er open for å lære og som vil utforske breidda i sjukepleiarfaget.
Du blir ein del av eit stort fagmiljø med mange moglegheiter for vidare utvikling. Saman finn vi ut korleis du kan bruke interessane dine, erfaringane dine og kompetansen din vidare.
Er du klar for å utforske moglegheitane?
Oppgi i screening prioriterte ønsker og skriv i søknaden kvifor du prioriterer som du gjer. Ein må kunne jobbe samanhengande minst 6 veker i perioden vekene 24-32.
I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller løna arbeid. Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Ønsker du å vite meir om Traineeprogrammet? Har du spørsmål eller lurer på noko? Ta kontakt med Mari Pedersen eller Janicke Magnussen.
Du vil inngå i den daglege drifta på avdelinga
Vi legg vekt på at du er eigna for denne type jobb og har personlege eigenskapar som:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.