Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/LlM1uxJXqBQ?si=p0jl8Ea22p5PjcAb
Vil du bidra til god rekneskapsføring ved eit av Noregs leiande universitet?
Vi søker ein fagleg sterk og utviklingsorientert medarbeidar til ei sentral rolle innan rekneskap. Stillinga inngår i eit kompetent fagmiljø med ansvar for rekneskapsføring, rapportering, internkontroll og vidareutvikling av økonomiprosessar ved Universitetet i Bergen.
Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for rekneskap, er det ledig ei fast, 100% stilling som seniorrådgjevar/rådgjevar rekneskap. Stillinga inngår i ei gruppe av 6 medarbeidarar.
Som rådgjevar/seniorrådgjevar vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å sikre korrekt rekneskapsrapportering, bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar og prosessar, samt vere ein viktig fagressurs for organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
<lRekneskapsføring og kvalitetssikring av rekneskapsdata</l<lPeriodelukking og årsavslutning</l<lAvstemmingar og rekneskapskontrollar</l<lOppfølging av meirverdiavgift og andre avgiftsmessige problemstillingar</l<lSaksbehandling og kontroll innan rekneskapsområdet</l<lRapportering til leiinga, styre og overordna departement</l<lBidra til standardisering, effektivisering og vidareutvikling av rutinar, prosessar og internkontroll</l<lFagleg rådgjeving og opplæring av økonomimedarbeidarar i organisasjonen</l<lDelta i tverrfaglege utviklings- og forbetringsprosjekt</l
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
<lHøgare utdanning innan rekneskap og revisjon, rekneskap og økonomirådgjeving eller økonomi og administrasjon med relevant spesialisering innan rekneskap. For rådgjevar krevst relevant utdanning på minimum bachelorgradsnivå. For seniorrådgjevar krevst relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet. </l<lAutorisasjon som statsautorisert regnskapsførar eller statsautorisert revisor</l<lGod forståing for rekneskapsregelverk, internkontroll og økonomiske prosessar</l<lErfaring med analyse, kvalitetssikring og rapportering av økonomiske data</l<lDet er ein fordel med erfaring frå rekneskapsføring, revisjon eller økonomistyring i større og komplekse verksemder</l<lGod skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk</l
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
<lhar gode samarbeids- og kommunikasjonsevner</l<larbeider strukturert, sjølvstendig og med høg grad av nøyaktigheit</l<levner å prioritere og handtere fleire oppgåver samtidig</l<ltar fagleg ansvar og bidreg til kunnskapsdeling i organisasjonen</l<ler initiativrik og løysingsorientert</l<lser samanhengar og har evne til å handtere komplekse problemstillingar</l<lbidrar positivt til samarbeid på tvers av fagmiljø</l
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby
<lEi sentral rolle i ein kunnskapsorganisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag</l<lVarierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø</l<lGode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving</l<lEit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og kunnskapsdeling</l<lFleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar</l<lMedlemskap i Statens pensjonskasse</l<lLøn i stilling som rådgjevar (kode 1434) kr. kr. 695 000 – kr. 790 00 eller seniorrådgjevar (kode 1364) kr. 750 000 – kr. 870 000 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. </l
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonssjef Kathrine Levin, tlf. [phone] / [phone], eller e-post: [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.