fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 919 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 571 aktive nå, 39 952 arbeidsgivere og 235 391 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Odda sjukehus søkjer ein fagleg dyktig og engasjert sjukepleiar til ei 100 % fast stilling, delt mellom medisinsk og kirurgisk døgnpost og kreftpoliklinikken.
Stillinga gir ein variert arbeidskvardag med pleie, behandling og oppfølging av pasientar på døgnpost og ved kreftpoliklinikken.
Kreftpoliklinikken tilbyr kreftbehandling som cellegift, antistoff og immunterapi, i tillegg til konsultasjonar og anna støttebehandling. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og får høve til å utvikle kompetansen din.
Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg på døgnpost. Kreftpoliklinikken har drift på dagtid, måndag til torsdag.
Vi ser etter deg som
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Bu og lev i Hardanger
Odda ligg vakkert til ved Sørfjorden i Hardanger og byr på spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Her finn du aktivitetar året rundt, frå fjellturar og skikøyring til kajakkpadling, klatring og friluftsliv. Trolltunga ligg i nærområdet, og regionen er kjend som ein av Noregs flottaste destinasjonar for natur- og friluftsinteresserte.
Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +[phone]
Sjukehusvegen 105750 ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 08.12.2026