fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 872 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 524 aktive nå, 39 931 arbeidsgivere og 235 311 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!
Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar med tenestestad Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging.
Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon samt avtale om langvakter.
Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen.
Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.
Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Hanne Kristin Teige Otneim, Avdelingsleiar heimetenesta, [phone], [email protected] Teige, Einingsleiar heimetenesta, 41002206, [email protected]
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarSøknadsfrist: 13.12.2026
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
1 endring i 3 øyeblikksbilder.