fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 932 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 584 aktive nå, 39 958 arbeidsgivere og 235 405 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Butenesta i Haram har ledig 2x100% stilling som miljøterapeut. Stillingane er for tida ledig i avdeling barnebustad og avlastning.
Stillingane er ledig frå 4. januar 2027, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg.
Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Basen for butenesta er lokalisert i Brattvåg, og enkelte dagar kan oppmøtestaden vere der i samband med møte og andre arbeidsoppgåver. Som miljøterapeut ved Solbakken blir du ein del av eit tverrfagleg team saman med dyktige miljøterapeutar og andre medarbeidarar med helsefagleg kompetanse. Dette gir eit godt fagmiljø med høve til samarbeid, læring og fagleg utvikling.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 var Butenesta med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane.
Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Vi ser etter deg som er:
Janne Madelen Bergene, Avdelingsleiar barnebustad og avlastning, 91161215, [email protected] Borgund, Tenesteleiar, 97595965, [email protected]
Ulvestadvegen 66265 Vatne
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 04.01.2027Søknadsfrist: 13.12.2026
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.