fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 885 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 537 aktive nå, 39 936 arbeidsgivere og 235 328 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Spesialeininga for politisaker etterforskar og avgjer saker som gjeld spørsmål om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta. Eininga skal gjennom arbeidet sitt bidra til å byggje tillit til at samfunnet behandlar alle meldingar mot politiet og påtalemakta med alvor og grundigheit.
Spesialeininga for politisaker er ikkje ein del av politiet. Vi er ei uavhengig verksemd som er direkte underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og Riksadvokatembetet. Verksemda har i dag 46 tilsette. Sjefen for Spesialeininga med administrasjonen og avdelinga for sentralt saksmottak og innleiande etterforsking, er plassert på Hamar. Etterforskingsavdelinga er lokalisert i Oslo, Trondheim og Bergen. For meir informasjon viser vi til nettsida vår: www.spesialenheten.no.
Vi er ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag. Sakene vi handsamar har stor betydning for enkeltmenneske og er viktige for tilliten til politiet og påtalemakta. Det er difor avgjerande at arbeidet blir utført i tråd med dei overordna måla våre om låg kriminalitet og rettstryggleik, og dei grunnleggjande verdiane våre om uavhengigheit, integritet og openheit.
Etterforskingsavdelinga består av spesialetterforskarar, juristar og kontorstøtte. Avdelinga har for tida 22 tilsette. Ved kontoret i Bergen er det totalt fire tilsette. Vi har no ei ledig stilling der fordi ein av kollegaene våre går av med pensjon.
Vi søkjer ein fagleg dyktig spesialetterforskar som likar utfordringar og ønskjer å vere ein del av vårt engasjerte og kompetente fagmiljø. Vi arbeider både sjølvstendig og i team med saker av ulik kompleksitet. Du må identifisere deg med samfunnsoppdraget og verdiane til Spesialeininga. Spesialeininga er ein beredskapsorganisasjon, og det blir forventa fleksibilitet i oppgåveløysinga og vilje til å yte ekstra når oppgåvene krev det.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Vi søkjer ein person som er fagleg dyktig og som stiller høge krav til kvalitet og nøyaktigheit. Du må kunne arbeide sjølvstendig med eigen portefølje, samstundes som du bidreg konstruktivt i teamarbeid. Vi legg til grunn at du har gode evner til kommunikasjon og samhandling.
God evne til å ta avgjerder og få oppgåver gjennomførte er eigenskapar vi legg vekt på. Vi ønskjer at du er initiativrik, sjølvstendig og liker og har evne til å leie deg sjølv. Du må vere motivert, engasjert og medviten om eigne haldningar. Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Vi vil også leggje vekt på søkjaren sine refleksjonar kring samfunnsoppdraget til Spesialeininga
Hos oss får du moglegheit til å arbeide med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd med ei viktig demokratisk rolle. Du får arbeide tverrfagleg saman med kompetente, profesjonelle og hyggelege kollegaer.
Vi er opptekne av at medarbeidarane våre har ein god balanse mellom arbeid og fritid. Vi praktiserer ein hybrid arbeidskvardag innanfor rammer som tek vare på både oppgåveløysinga og arbeidsmiljøet. Alle system er tilrettelagde for mobilt kontor, og vi har ei ordning som gir høve til inntil to dagar med mobilt kontor kvar veke. Vi har fleksitid og sommartid, og moglegheit til å trene i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer med stillinga. Det gir deg ei god pensjonsordning og moglegheit for bustadlån på gunstige vilkår. Sjå meir informasjon på www.spk.no.
Vi ønskjer inkludering og mangfald. Vi treng derfor medarbeidarar med ulik personlegdom, etnisk bakgrunn, alder, kunnskap og ulike perspektiv. Dersom du er den rette kandidaten for oss, vil vi leggje stor vekt på mangfaldsperspektivet.
Stillinga blir lønna etter staten sitt lønsregulativ i stillingskode 5223 politioverbetjent frå kr. 730.000 til kr. 850.000 per år. Lønsplasseringa vil avhenge av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
I samsvar med særavtale blir det gitt tillegg i løn for belastande unntak frå arbeidsmiljølova (kr 43 641 per år), tilgjengelegheit (kr 33 816 per år) og heimevakt (kr 14 047 per veke). Frå løna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Andre opplysningar
Den som blir tilsett må ha plettfri vandel og kunne tryggleiksklarerast for nivået HEMMELEG. Ved eventuell tilsetjing må det leggjast fram politiattest (uttømmande og utvida).
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette, jf. offentleglova § 25.
Det blir teke atterhald om framtidige organisatoriske endringar. Den som blir tilsett pliktar å rette seg etter framtidige avgjerder som inneber organisatoriske, arbeidsmessige og/eller ansvarsmessige endringar knytte til stillinga.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi vil leggje til rette ved behov. For å bli vurdert etter desse ordningane må søkjaren oppfylle nærare fastsette vilkår. Vi oppmodar derfor søkjarar til å krysse av i rekrutteringsportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Opplysningane blir nytta til anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer på i årsrapportane sine. Les meir her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vi ber om at søknad, CV, attestar og vitnemål blir sende elektronisk via den elektroniske rekrutteringsportalen vår.
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 23. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 23. nov. 2026.
2 endringer over 1 dager i 5 øyeblikksbilder.
1 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.