Helse Møre og Romsdal HF har ledig ei fast 80% stilling i preste- og samtaletenesta ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset!
Vi søkjer ein medarbeidar med relevant utdanning, erfaring og kompetanse innan samtalar om tru, livssyn og eksistensielle spørsmål. Stillinga er open for søkjarar med ulik fagleg bakgrunn, og vi ønskjer særleg kompetanse innan å møte menneske i krevjande livssituasjonar, uavhengig av deira tru eller livssyn. Stillinga omfattar arbeid ved SNR Hjelset, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området.
Preste- og samtaletenesta er ei livssynsopen teneste som tilbyr samtalar og støtte til pasientar, pårørande og ansatte, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Tenesta skal vere ein trygg samtalepartnar i møte med sjukdom, kriser, sorg og andre eksistensielle utfordringar.
Tenesta har i dag fire sjukehusprestar og éin sjukehusdiakon, som til saman utgjer 3 årsverk i Helse Møre og Romsdal. Av desse er 1,2 årsverk sette av til å dekkje tenesteområdet ved SNR Hjelset.
Som del av fagmiljøet vil du delta i digital kollegarettleiing kvar veke. Vi gjennomfører også faste fagdagar kvart semester. Preste- og samtaletenesta arbeider aktivt for å styrkje den faglege kompetansen til medarbeidarane og legg til rette for relevant vidareutdanning og kurs.
Tenesta arbeider med fleire prosjekt som på sikt kan gi grunnlag for ein mellombels auke i stillingsprosenten. Ei eventuell auke vil vere avhengig av den vidare utviklinga i prosjekta og tilgjengeleg finansiering.
Arbeidsoppgåver
<lGjennomføre støttande og eksistensielle samtalar med pasientar og pårørande i tett samarbeid med behandlarar og pleiepersonell</l<lPlanleggje, gjennomføre og vidareutvikle ritual og seremonielle handlingar tilpassa pasientar, pårørande og situasjonar</l<lBidra til fagleg utvikling og kvalitetssikring av Preste- og samtaletenesta sitt tilbod ved sjukehusa</l<lMedverke i psykososial beredskap ved kriser, alvorlege hendingar og ulykker</l<lGi undervisning, rettleiing og fagleg støtte til tilsette, samt delta aktivt i tverrfaglege team</l<lDelta i tenesta si beredskapsordning for tilkalling utanom ordinær arbeidstid</l
Kvalifikasjonar
<lErfaring frå arbeid med sorg, kriser og menneske i krevjande livssituasjonar</l<lTeologisk embetseksamen eller anna relevant utdanning på masternivå innan tru-, livssyns- eller eksistensielt samtalearbeid
Vigsling, autorisasjon eller tilsvarande godkjenning frå eige trus- eller livssynssamfunn der dette er aktuelt</l<lKompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle spørsmål
</l<lRettleiingskompetanse er særleg verdsett, og søkjarar med erfaring frå rettleiing blir oppmoda til å søkje</l
Personlege eigenskapar
<lDu trivst med å arbeide sjølvstendig, tek ansvar og viser initiativ i møte med ulike arbeidsoppgåver</l<lDu har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer på tvers av fagmiljø</l<lDu har evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
</l<lDu møter menneske med respekt, openheit og omtanke, uavhengig av bakgrunn, religion, tru eller livssyn
</l<lDu er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit i samtalar om livet sine store og små utfordringar
</l<lDu bidreg til eit inkluderande og livssynsope miljø der mangfald blir verdsett og ivaretatt </l
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
<lSterkt tverrfagleg samarbeid
</l<lEin inkluderande arbeidsplass
</l<lLøn etter avtale
</l<lMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår</l
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv.
Les meir om Møre og Romsdal her
.
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal