fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 885 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 537 aktive nå, 39 936 arbeidsgivere og 235 328 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du vera med å bygga framtidas fornybare kraft, samt ta ansvar for sikkerheita ved vassdragsanlegga våre?
Sunnhordland kraftlag (SKL) søker ein byggingeniør som vil jobba med utbyggings- og rehabiliteringsprosjekt innan vasskraft, og som på sikt skal ta rolla som vassdragsteknisk ansvarleg (VTA).
SKL er i gang med eit av dei største utbyggingsprosjekta i Noreg innan vasskraft, Blåfalli Fjellhaugen kraftverk.
Du får ein sentral plass i eit høgt kompetent prosjektmiljø.
I starten vil hovudvekta liggja på prosjektarbeid, med byggeleiing og oppfølging av entreprenørar.
Parallelt får du opplæring og tett oppfølging i SKL si VTA-gruppe, slik at du byggjer opp den erfaringa som trengst for å bli godkjent VTA av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Arbeidsoppgåver i prosjekt
Byggeleiing på entreprisekontraktar innan grunnarbeid (tunnel) og betongarbeid
</l<lOppfølging av entreprenør når det gjeld sikkerheit, kvalitet og spesifikasjonar i samsvar med kontrakt (NS 8405/8406/8407)
</l<lBistå prosjektleiar med kontraktsoppfølging, målebrev, kvalitetsdokumentasjon og endringshandtering jf NS3420 Beskrivelsestekstar
</l<lKoordinering mot tilgrensande fagområde, og fagleg støtte til tekniske løysingar
</l<lDelta i prosjekt- og byggemøte
</lArbeidsoppgåver VTA (gradvis opptrapping)
Følga opp lovpålagde krav i damsikkerheitsforskrifta og pålegg frå NVE
</l<lHalda internkontrollsystemet for vassdragsanlegg oppdatert
</l<lSjå til at SKL etterlever krav til planlegging, prosjektering, bygging og revurdering av anlegga
</l<lDelta i vedlikehalds- og rehabiliteringsprosjekt på dammar og vassvegar
</l<lSom godkjent VTA vil du ha fagansvar for eksisterande vasskraftanlegg, anlegg under utvikling og bygging, samt inngå i SKL si VTA-gruppe.
</lMe ser etter deg som
Har minimum bachelor ingeniør innan byggfag med fag som betongfag, statikk, geologi, geoteknikk eller konstruksjonsteknikk.
</l<lHar erfaring frå entreprenør-, rådgjevar- eller byggherreverksemd
</l<lKjenner til og har brukt Norsk Standard i kontraktsarbeid
</l<lHar interesse for vasskraft, damsikkerheit og omstillinga i energisektoren
</l<lØnskjer å utvikla deg mot VTA rolla.
</l<lDet er ein fordel om du allereie er godkjent VTA, men det er ikkje eit krav
</l<lBeherskar norsk flytande, munnleg og skriftleg
</lDu har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
</l<lDu jobbar sjølvstendig, systematisk og strukturert, med høge krav til orden
</l<lDu trivst med ansvar og set pris på ein arbeidsdag i fjellet
</l<lDu har høg etisk standard og legg vekt på SKL sine verdiar og retningslinjer
</lHos oss får du
Ein meiningsfylt jobb i eit samla og sterkt team som jobbar på tvers av faggrupper
</l<lEin viktig rolle i gjennomføringa av fleire store vasskraftprosjekt
</l<lEin tydeleg utviklingsveg mot VTA, med opplæring og fagleg oppfølging
</l<lKonkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidsordning og gode personal- og velferdsordningar
</lOm du blir tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i samsvar med Kraftberedskapsforskriften.
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Norge. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne.
SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.
SKL verdset eit arbeidsmiljø der menneske med ulik bakgrunn, kulturell forståing og funksjonsvariasjon kan bidra til innovasjon, vekst og verdiskaping.
Sektor
Privat
Nettsted
Først observert av fakt: 20. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 20. nov. 2026.
2 endringer i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.