fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 875 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 527 aktive nå, 39 932 arbeidsgivere og 235 314 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Sogn Sparebank eig fleire næringseigedomar i Sogn, og vi søkjer ein praktisk, strukturert og forretningsorientert person som vil ta ansvar for drift, forvaltning og vidare utvikling av eigedomane våre.
Du får stor fridom til å skape struktur i eigedomsforvaltninga, følgje opp praktiske og tekniske oppgåver og bidra til god økonomi og langsiktige verdiar. Porteføljen omfattar banklokale, kontorbygg og andre næringsareal.
Ansvarsområder:
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har:
Relevant utdanning innan bygg, tekniske fag, eigedom eller økonomi er ein fordel, men ikkje eit krav. Relevant realkompetanse og erfaring vert vurdert på lik linje med formell utdanning.
Vi er meir opptekne av kva du kan, kva du har fått til og korleis du løyser utfordringar, enn kva utdanningstittel du har.
Hos Sogn Sparebank får du ei sjølvstendig og viktig rolle med stor påverknad på korleis eigedomane skal driftast og utviklast. Du samarbeider tett med leiinga og får korte avgjerdsvegar. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Arbeidsstad: Arbeidstaden er Sogn. Reising mellom eigedomane må påreknast.
Sogn Sparebank er ein sjølvstendig sparebank med røter i Sogn og eigenkapitalbevis noterte på Oslo Børs. Vi har kontor i Aurland, Lærdal, Vik, Sogndal, Årdal og Bergen og er ein del av Eika Alliansen. Vi jobbar tett på kundane og det lokale næringslivet. Gjennom gåvemidlar og sponsing støttar vi lag, organisasjonar og aktivitetar som bidreg til levande lokalsamfunn. Hos oss får du vere med på å utvikle både banken og regionen vi er ein del av.
Sektor
Privat
Nettsted
Først observert av fakt: 20. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 20. nov. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.