Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar.
Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen. Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn og god mat som gjer kroppen godt.
Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Om stillinga:
Jobben vil blant anna innebera:
<lDelsansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.</l<lOmsetja teoretisk kunnskap i praksis.</l<lDelansvar for vurdering og dokumentering.</l<lArbeid med barn ute og inne.
</l
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Andre med arbeidserfaring innan barnehage kan og søkja.
Me søkjer deg som er:
<lDeg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.</l<lOppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.</l<lBidreg til eit positivt læringsmiljø.</l<lHar ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.</l<lTilstadeverande og fagleg interessert.</l
I tillegg ønskjer me at du har:
<lEit positivt menneskesyn.</l<lEvne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.</l<lEvne til å inspirera og motivera kollegane dine</l<lEvne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.</l<lErfaring frå arbeid i barnehage.</l
Kva kan me tilby:
<lFaglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø</l<lEngasjerte og dyktige kollegaer</l<lGode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP</l<lBedriftshelseteneste</l<lLøn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk</l
Andre opplysningar:
<lNynorsk som administrasjonsspråk</l<lDet er krav om godkjenning politiattest etter gjeldande lovverk ved tilrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar</l<lMe etterspør dokumentasjon og attestar frå tidlegare arbeidsforhald ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden</l<lSuldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00</l
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Søk her
Om bedriften
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!