fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 885 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 537 aktive nå, 39 936 arbeidsgivere og 235 328 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ledig stilling frå 1. juni 2027 med søknadsfrist 10. januar 2027.
Vestland Revisjon KO er eit interkommunalt revisjonsselskap som primært yter revisjonstenester til eigarkommunane. Selskapet er eigd av kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal.
Hovudkontoret ligg i Førde. Vi har ein desentralisert struktur med regionkontor i Florø, Sogndal, Hyllestad, Måløy, Nordfjordeid og Stryn.
Vi har eit breitt oppdragsgrunnlag som omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll, etterlevingsrevisjon, attestasjonsoppgåver og rådgjeving. I tillegg til kommunar reviderer vi interkommunale selskap, kommunale føretak, kyrkjelege fellesråd, legat, stiftingar og foreiningar. Vi nyttar revisjonsverktøyet <>, og nynorsk er administrasjonsspråket i selskapet.
Vi søkjer no etter revisor til finansiell revisjon.
Vi kan tilby deg:
ei utfordrande stilling med varierte og allsidige arbeidsoppgåver
</l<lhøve til å påverke eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver
</l<lgode tilbod om kurs og etterutdanning
</l<ltilgang til støtte frå ekstern ekspertise
</l<lfleksibel arbeidstid
</l<lbruk av digitale løysingar og verktøy for kunstig intelligens
</l<lgod pensjonsordning gjennom KLP
</l<lløn etter avtale
</lVi ønskjer at du:
er statsautorisert revisor eller har annan høgare utdanning innan rekneskap eller revisjon
</l<lhar erfaring frå og kunnskap om kommunal sektor
</l<lhar gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
</l<lhar evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, systematisk og effektivt
</l<lhar solide kunnskapar om digitale løysingar og interesse for utvikling innan kunstig intelligens
</lArbeidstakarar blir tilsette i Vestland Revisjon KO på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Det kan bli stilt krav om politiattest for god vandel.
Stillinga får kontorstad i Stryn eller Førde. Andre ønskje om arbeidsstad kan vurderast.
Slik søkjer du:
Send søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar til
e-post: [email protected] innan 10. januar 2027.
For nærare opplysningar om stillingan, ta kontakt med dagleg leiar Asgeir Tveit på telefon 908 74 388.
Vestland Revisjon KO er eit interkommunalt revisjonsselskap som primært yter revisjonstenester til eigarkommunane. I tillegg til kommunar reviderer vi interkommunale selskap, kommunale føretak, kyrkjelege fellesråd, legat, stiftingar og foreiningar.
Hovudkontoret ligg i Førde. Vi har ein desentralisert struktur med regionkontor i Florø, Sogndal, Hyllestad, Måløy, Nordfjordeid og Stryn.
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 17. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 17. nov. 2026.
4 endringer over 2 dager i 6 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.