fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 900 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 552 aktive nå, 39 942 arbeidsgivere og 235 366 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Som seniorrådgjevar/rådgjevar informasjonssikkerheit i Tussa får du vere med og forme eit fagområde i utvikling. Du blir ein viktig del av fagmiljøet vårt, samstundes som du får sterk påverknad på korleis vi vidareutviklar Tussa IRT (Incident Response Team) og dei kunderetta sikkerheitstenestene våre.
Du får:
Varierte oppgåver innan informasjonssikkerheit, beredskap og rådgjeving
</l<lJobbe tett med dyktige kollegaer og kundar
</l<lFagleg utvikling og høve til å byggje vidare på kompetansen din
</l<lStor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen
</l<lDokumentert godt arbeidsmiljø
</l<lTa del i Tussa sine mange velferdsordningar, som t.d. treningstilbod, lån av hytter, kunstklubb og sosiale arrangement
</l<lKonkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
</lVil du hjelpe kundane våre med å førebygge, handtere og lære av digitale sikkerheitshendingar?
Vi styrkjer satsinga vår innan informasjonssikkerheit, beredskap og sikkerheitsleiing og ser etter ein rådgjevar som kan kombinere fagleg tyngde med praktisk og kunderetta arbeid.
I denne rolla får du ei sentral oppgåve i å vidareutvikle beredskapsarbeidet vårt og leie det operative arbeidet i Tussa IRT (Incident Response Team). Samstundes skal du arbeide tett med kundane våre med rådgjeving innan sikkerheitsleiing, risikostyring og ISMS.
Nokre av arbeidsoppgåvene vil vere:
Operativt ansvar for Tussa IRT og bidra til å utvikle teamet gjennom trening, øvingar, metodikk og gode verktøy
</l<lBeredskapsarbeid og beredskapsøvingar for kundar
</l<lStøtte kundar ved sikkerheitshendingar
</l<lGi råd om sikkerheitsleiing og risikostyring
</l<lArbeide tett med leiarar og avgjerdstakarar hos kundane våre
</l<lBidra med fagleg støtte i kundedialogar og sal av sikkerheitstenester
</l<lBidra til å vidareutvikle tenestene våre innan informasjonssikkerheit og beredskap
</lKvalifikasjonar:
Vi ser etter deg som har kompetanse og erfaring innan eitt eller fleire av desse områda:
Sikkerheitsleiing, beredskap og handtering av hendingar
</l<lIT-sikkerheit og sikring av IT-miljø
</l<lKompetanse innan sikring av Microsoft-skymiljø er ein fordel. Det same gjeld god forståing for kunstig intelligens
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
</lDette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, sikkerheit, beredskap og menneske.
Trivst med å arbeide ute hos kundar
</l<lKommuniserer godt med både tekniske fagmiljø og leiarar
</l<lHar evne til å gjere kompliserte sikkerheitsproblem forståelege og handterbare
</l<lArbeider sjølvstendig og tek ansvar for framdrift, men likar samstundes å samarbeide og dele kompetanse
</l<lEr strukturert og god til å planleggje og prioritere
</l<lSkaper tillit og byggjer gode relasjonar
</l<lHeld hovudet kaldt når situasjonen krev raske og gode vurderingar
</lTussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med om lag 330 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet.
Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert, ISO 14001-sertifisert og er Microsoft AI Cloud Partner.
Sektor
Privat
Nettsted
Først observert av fakt: 16. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 16. nov. 2026.
3 endringer over 4 dager i 4 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.