fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 881 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 533 aktive nå, 39 935 arbeidsgivere og 235 321 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Bussen til Gudvangen går frå plattform B.
Det kjem du til å seia omtrent 15 gonger mellom klokka ni og ti. Du kjem òg til å forklara at Voss Water ikkje er frå Voss, og trøysta folk som har reist over halve jorda for å sjå utsikta og møter ein vegg av tåke over Vangsvatnet. Me kan diverre ikkje styra vêret.
Og likevel: Dette er ein av dei kjekkaste jobbane i bygda, meiner me.
Kva du faktisk gjer
Du svarar på alt som kjem inn døra i løpet av ein dag, på fleire språk. Du hjelper reisande frå heile verda med å planleggja opphaldet, sel aktivitetane til dei lokale tilbydarane, og sel litt suvenirar og varer. Me brukar ulike bookingsystem som du ikkje treng å kunna frå før, berre vera villig til å læra.
Det beste med jobben
Du får sjølv oppleva alt Voss har å by på av aktivitetar, kultur og overnatting. Du må jo vita kva du sel.
</l<lDu møter folk du ikkje gløymer. Ein turist budde i telt ved Vangsvatnet ein heil månad midt på vinteren og var innom kvar einaste dag for å prata med oss.
</l<lI juni hoppa alle me tilsette i fallskjerm saman. Ingen lova at det blir slik kvart år, men det seier litt om miljøet.
</l<lDu får vera med på arrangement i regi av Hardanger og Voss Næringshage.
</l<lOg så er det dei små tinga: fredagskaffi med noko godt kvar fredag, lønningspils, Rosa sløyfe-løpet og ein dartrunde eller to i arbeidskvardagen.
</lDet ærlege
På grunn av plasseringa vår, får me spørsmål om absolutt alt. Toget som er forsinka, buss for tog, skikortet som ikkje verkar, prisane i Voss Resort og mobilen som vart gløymd att på bussen frå Odda. Lite av det er vårt ansvar, men det er du som står i skranken når spørsmålet kjem.
Som ringevikar jobbar du typisk i helgar, feriar og når nokon er sjuke. Alle ledige vakter blir lyste ut, men dei faste tilsette har førsterett. Det betyr at du ikkje får eit fast tal timar, og at telefonen kan ringja på kort varsel. Sommaren er framleis den travlaste tida, så du kan venta litt fleire timar då og litt færre om vinteren. Passar det livet ditt, er dette ein fin måte å bli kjend med reiselivet på Voss, ein av dei viktigaste næringane i heradet.
Vaktene
Sommar: 08.30--15.00 eller 11.30--18.00
</l<lVinter: 09.00--16.00, og 09.30--15.00 i helgane
</lMe trur du passar om du
er nysgjerrig på andre kulturar
</l<lkan stilla på kort varsel
</l<lsnakkar språk: godt norsk og engelsk er eit krav, og fleire språk er eit stort pluss
</l<lkjenner godt til Voss, eller har lyst til å bli kjend
</l<llikar folk, til og med når dei spør om det same for fjortande gong
</l<llikar å utfordra deg sjølv
</lPraktisk
Oppstart: så snart som mogleg
</l<lTimeløn etter riksavtalen
</l<lSøknadsfrist: 30. november, men me vurderer søknader fortløpande, så ikkje vent
</lHardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Me er ein naturleg partner i lokal og regional næringsutvikling -- både innan tradisjonelt næringsliv, reiseliv og stadutvikling. Gjennom våre ulike fagmiljø -- innan næringsutvikling, reiseliv og sentrumsutvikling -- jobbar me målretta for å styrkja både bygdeliv, handelsliv og opplevingar som skapar aktivitet og ringverknader lokalt og regionalt. Visit Voss og Voss Sentrum er sentrale delar av organisasjonen vår, og ein viktig del av dette arbeidet.
Sektor
Privat
Nettsted
Først observert av fakt: 13. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 13. nov. 2026.
4 endringer over 6 dager i 5 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.