Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr
Vi har ledig:
<l100 % fast stilling
</l<l90 % fast stilling</l<l80 % fast stilling</l
Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale.
Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.
Arbeidsoppgåver
<lIvareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane.</l<lSjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve.</l<lSjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar.
</l<lArbeid med kvalitet- og pasienttryggleik.
</l<lRettleiing av studentar og kollegaer.
</l<lSamhandling med kommunar.
</l<lKontinuerlig forbetringsarbeid.</l
Kvalifikasjonar
<lDu har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar.</l<l3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert</l<lDu behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.</l<lDet er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav.</l<lEvne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet.</l
Personlege eigenskapar
<lDu er ansvarsbevisst og strukturert.</l<lDu har eit fagleg engasjement.</l<lDu viser fleksibilitet og evne til omstilling.</l<lDu er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig.</l<lDu har gode kommunikasjonsferdigheiter.</l<lDu er positiv og har gode haldningar.</l<lDu er pasientorientert.</l<lDu bidrar til eit godt arbeidsmiljø.</l<lÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.</l
Vi tilbyr
<lSterkt tverrfagleg samarbeid</l<lEin inkluderande arbeidsplass</l<lInternundervisning, samt egne fagdagar 2 gongar i året</l<lLøn etter gjeldande overeinskomstar</l<lMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår</l
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Les meir her!
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal