fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 893 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 545 aktive nå, 39 940 arbeidsgivere og 235 341 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillingane her er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter og Korttid 2. etg.
Vi har tre korttidsavdelingar på LMS, der vi tek i mot alle typer korttidspasientar. Pasientane kjem i hovudsak til oss frå sjukehuset. Vi har spissa kompetansen i dei ulike avdelingane og 2. etg jobber spesielt opp mot rehabilitering.
Stillinga blir lagt i årsturnus.
Alle sjukepleiarar får eit tillegg på 35 000,-
Autorisert sjukepleiar
Ønskjeleg
<l
Spesiell interesse eller utdanning innan området eldrehelse/geriatri.</l
Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 997 00 857
Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 48 17 79 90
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Søk her
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 10. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 10. nov. 2026.
2 endringer over 9 dager i 4 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.