fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 885 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 537 aktive nå, 39 936 arbeidsgivere og 235 328 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Svingen barnehage har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar frå 25.12.2026 til 31.07.2027.
Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har to basar som i år har delt seg i 5 grupper.
Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø.
Kvalifikasjonar:
Barnehagelærar
</l<lEventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng.
</l<lGod IKT kompetanse
</lArbeidsoppgåver:
Leie, planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med rammeplan og gjeldande lovverk
</l<lHa fagleg og pedagogisk ansvar for avdelinga og bidra til kvalitetsutvikling i barnehagen
</l<lRettleie og følgje opp medarbeidarar, lærlingar og studentar
</l<lLeggje til rette for eit godt samarbeid mellom barn, føresette og personale
</l<lDelta aktivt i barnehagen sitt utviklings- og endringsarbeid
</l<lBidra til eit godt arbeidsmiljø og eit inkluderande læringsmiljø for barn og tilsette
</l<lSamarbeide tett med styrar og andre pedagogiske leiarar om drift og utvikling av barnehagen
</l<lSikre at observasjon, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg måte
</lVi søkjer deg som:
Er påliteleg, stabil og ansvarsfull
</l<lEvne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
</l<lArbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
</l<lStår trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste
</l<lBidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert
</l<lEvne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
</l<lTrivst med å vere ute store delar av dagen, uavhengig av ver og årstid
</lGodt, trygt arbeidsmiljø med imøtekomande tilsette som bryr seg om kvarandre og barna sitt beste
</l<lLønns- og pensjonsavtale i tråd med hovudtariffavtalen
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Søknadsskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Meir informasjon finn du på: https://www.fitjar.kommune.no/tenester/barn-skule-og-familie
Sektor
Offentlig
Nettsted
Først observert av fakt: 09. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 09. nov. 2026.
3 endringer over 10 dager i 5 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.