fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 890 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 542 aktive nå, 39 938 arbeidsgivere og 235 333 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Stillinga har ei sentral rolle i den daglege drifta, og inneber leiing og oppfølging av medarbeidarane i utedrifta.
Arbeidskvardagen hjå teknisk drift er variert og omfattar eit breitt spekter av oppgåver - frå drift og vedlikehald av kommunale vegar og uteområde til oppgåver knytte til kommunen sin bygningsmasse. Du vil ha ei viktig rolle i å planleggje, prioritere og følgje opp det praktiske arbeidet.
Krav til utdanning og erfaringMe søkjer etter deg som har fagbrev og gjerne teknisk fagskule innan relevante fagområde. Lang og allsidig arbeidserfaring, kombinert med gode personlege eigenskapar, kan kompensera for manglande formell utdanning.
Erfaring frå drift, vedlikehald, anlegg, bygg eller liknande arbeidsområde vil vera relevant. Erfaring med arbeidsleiing er ein fordel.
Førarkort klasse B er nødvendig.
Personlege eigenskaparMe ser etter deg som er praktisk anlagt, løysingsorientert og trivst med ein variert arbeidskvardag. Du tek ansvar, har god gjennomføringsevne og klarar å prioritera når fleire oppgåver må løysast samtidig.
Du er ryddig og rettferdig i møte med medarbeidarane, har gode samarbeidsevner og er oppteken av kvalitet i arbeidet. Stillinga krev at du kan samarbeida på tvers av fagområde og einingar, og sjå kommunen og oppgåvene våre i ein heilskap.
Me tilbyr:
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Søk her
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 09. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 09. nov. 2026.
4 endringer over 10 dager i 7 øyeblikksbilder.
3 av dem gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.