fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 890 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 542 aktive nå, 39 938 arbeidsgivere og 235 333 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du vere med og styrke den psykiske helsa i Nordfjord?
Er du ein person som brenn for å gjere ein forskjell i menneske sine liv – spesielt når livet er som vanskelegast? Ønskjer du å bidra til at folk opplever respekt, likeverd, medverknad og omsorg i møte med psykiske utfordringar? Då kan dette vere akkurat den jobben du har venta på!
Seksjon Døgn har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.02.2027.
Vi har 12 sengeplassar og eit tverrfagleg team på om lag 30 tilsette. Teamet består av psykologspesialist, overlege, klinisk sosionom, lege i spesialisering, vernepleiar, sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom, helsefagarbeidar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og helsesportspedagog. Stillinga inneber tredelt turnus inkludert arbeid på natt. Arbeid kvar tredje helg, eller moglegheit for arbeid kvar fjerde helg med lange vakter.
Hjå oss får du:
Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.
Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Førde HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider aktivt med pasienttryggleik, brukarmedverknad og leiarutvikling. Vi har sjukehus og psykiatriske institusjonar lokalisert i seks kommunar samt driftar ambulansetenesta. Talet på tilsette er om lag 3000 medan budsjettet er på 2,9 milliardar kroner. Helse Førde er organisert i fire klinikkar med føretaksadministrasjon lokalisert i Førde. Helse Førde er eigd av Helse Vest RHF.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Først observert av fakt: 09. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 09. nov. 2026.
2 endringer over 10 dager i 4 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.