fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 885 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 537 aktive nå, 39 936 arbeidsgivere og 235 328 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
100 % fast stilling med kontorstad Sunnmøre museum, Ålesund
Viti søkjer ein engasjert konservator/formidlar med mastergrad innan kulturhistoriske fag, som historie, lokalhistorie, kulturarv eller tilsvarande. Vi ser særleg etter deg som har interesse for nyare kystkultur.
Som konservator/formidlar blir du ein del av fag- og formidlarteamet ved Sunnmøre museum, Middelaldermuseet og Fiskerimuseet i Ålesund. Gjennom utstillingar, arrangement, undervisning og digitale flater skal du vere med på å formidle dei lange linjene i livet på Sunnmørskysten, med utgangspunkt i musea sine samlingar og faglege kompetanse.
Stillinga byr på ei fleire oppgåver. Du vil arbeide med formidling til barn, unge og vaksne, utvikle nye formidlingsopplegg og utstillingar, produsere innhald til digitale plattformer og bidra til dokumentasjon, forvaltning og utvikling av dei kulturhistoriske samlingane. Du vil òg vere med på å utvikle nye prosjekt som styrkjer musea si rolle som kunnskapsinstitusjon og samfunnsaktør.
Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo og stor variasjon. Vi ser derfor etter ein medarbeidar som trivst med sjølvstendig arbeid, tek initiativ og kan drive prosjekt framover. Samtidig er evna til samarbeid viktig, både på tvers av fagmiljø i Viti og i møte med frivillige, samarbeidspartnarar, skular og publikum.
Ein viktig del av arbeidet vil vere å bidra til å hente inn eksterne prosjektmidlar gjennom søknadsskriving og prosjektutvikling.
Stillinga gir også moglegheit til fagleg fordjuping og forsking.
Vi ser etter ein fagperson som er svolten på å formidle kulturhistoria på Sunnmøre, nysgjerrig på å finne ut meir, og som ønskjer å gjere historia relevant for dagens publikum. Du likar å møte menneske, skape engasjement og samarbeide med kollegaer om å utvikle sterke opplevingar og ny kunnskap.
Søknadsfrist: 10.12.2026
Formidling til barn, unge og vaksne gjennom undervisning, omvisingar, arrangement og andre publikumsretta aktivitetar.
</l<lUtvikling og gjennomføring av formidlingsprogram.
</l<lMedverke til utvikling og produksjon av utstillingar.
</l<lProdusere innhald til digitale formidlingsflater.
</l<lInitiere og utvikle prosjekt som styrkjer musea si rolle som kunnskapsinstitusjon og samfunnsaktør.
</l<lSøknadsskriving og arbeid med å hente inn eksterne prosjektmidlar.
</l<lDelta i forskings- og dokumentasjonsarbeid knytt til musea sine samlingar og fagområde.
</l<lSamarbeide med kollegaer, frivillige, skular, publikum og eksterne samarbeidspartnarar.
</lMastergrad innan kulturhistoriske fag, som historie, lokalhistorie, kulturarv eller tilsvarande.
</l<lInteresse for nyare kystkultur.
</l<lErfaring med eller interesse for formidling til ulike målgrupper.
</l<lKunnskap om, eller interesse for, museumsarbeid og kulturhistoriske samlingar.
</l<lErfaring med prosjektarbeid er ein fordel.
</l<lErfaring med søknadsskriving og prosjektutvikling er ein fordel.
</l<lInteresse for forsking og kunnskapsutvikling innan relevante fagområde.
</l<lGod skriftleg og munnleg framstillingsevne.
</lEr engasjert og fagleg nysgjerrig.
</l<lEr svolten på å formidle kulturhistorie og gjere historia relevant for dagens publikum.
</l<lTrivst med ein variert arbeidskvardag og høgt arbeidstempo.
</l<lKan arbeide sjølvstendig og ta initiativ.
</l<lHar evne til å drive arbeid og prosjekt fram frå idé til gjennomføring.
</l<lHar gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide på tvers av fagmiljø.
</l<lEr utadvendt og glad i å møte menneske.
</l<lHar evne til å skape engasjement og gode publikumsopplevingar.
</l<lEr strukturert, løysingsorientert og utviklingsretta.
</lPersonlege eigenskapar vert vektlagt.
Ei spennande og meiningsfull stilling ei eit stort museum.
</l<lFagleg dedikerte kolleger
</l<lGode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
</l<l100% fast stilling, 37,5 timar i veka inkl. Spisepause
</l<lGod offentleg tenestepensjon gjennom KLP
</l<lFleksitid, med kjernetid mellom kl 1000-1400
</l<lFem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsaftan.
</lStillinga er plassert i lønnskode Rådgjevar. Viti følgjer tariff i Virke, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjoner.
Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.
Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.
Stillinga ligg i Kulturhistorisk avdeling, og rapporterer til avdelingsdirektør Kulturhistorie. Kontorstad er Sunnmøre museum.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Sektor
Offentlig
Først observert av fakt: 09. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 09. nov. 2026.
3 endringer over 6 dager i 4 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.