fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 95 872 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 11 524 aktive nå, 39 931 arbeidsgivere og 235 311 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
07000 Bømlo er i sterk vekst, og me treng fleire dyktige sjåførar på laget!
Me har ein aukande oppdragsmengde og utfører majoriteten av den offentleg kontraktfesta køyringa i kommunen, mellom anna pasienttransport og skulekøyring. Dette gjer at me stadig utvidar verksemda og har behov for fleire serviceinnstilte, ansvarsfulle og engasjerte drosjesjåførar som forstår kor viktig det er å levere trygg og profesjonell transport til alle passasjerar.
Å vere sjåfør i 07000 Bømlo handlar om mykje meir enn å frakte kundar frå A til B. Me legg stor vekt på personleg service og ønskjer å gi kundane våre ei trygg, positiv og god oppleving kvar gong dei reiser med oss.
Arbeidsoppgåvene er varierte og handlar om å vere til stades for menneska me møter i kvardagen. Det kan vere å hjelpe til med bagasje og varer, bistå med handling i butikk og yte den ekstra servicen som gjer ein forskjell i kvardagen til folk. Du skal også vere ein trygg og omsorgsfull vaksenperson for skuleelevar på veg til eller frå skulen -- ei viktig rolle i å sikre dei ein trygg og god reiseveg.
Me ser etter deg som:
Har ei positiv innstilling og eit godt serviceinstinkt.
</l<lEr ansvarsfull, påliteleg og møter kundane med respekt og høflegheit.
</l<lHar ein mjuk, behageleg og trafikksikker køyrestil.
</l<lEr fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag.
</l<lForstår at du som sjåfør er ansiktet utad for både 07000 Bømlo og bileigaren.
</lMe er opptekne av korleis verksemda vår blir oppfatta av lokalbefolkninga, kundane våre og publikum. Derfor er det viktig at du tek rolla som sjåfør på alvor og ønskjer å bidra til eit godt omdømme.
Me ønskjer fleire dyktige medarbeidarar og har behov for:
Fleire faste stillingar, gjerne i 100 % stilling.
</l<lTilkallingsvikarar.
</l<lHelgesjåførar.
</l<lSjåførar med minibusskompetanse og YSK.
Hos oss blir du ein del av eit lokalt transportmiljø der samarbeid, service og gode kundeopplevingar står i sentrum.
For å køyre drosje må du ha:
Førarkort minimum klasse B i dei to siste sammenhengande åra.
</l<lKøyresetel for persontransport.
</lManglar du køyresetel, kan me hjelpe deg med søknadsprosessen og førebuing til den teoretiske prøva.
Tilsetjing skjer fortløpande, så ikkje vent for lenge med å ta kontakt!
Me oppmodar spesielt kvinner til å søkje.
Kjenner du nokon som kunne passa hos oss? Tips dei gjerne om stillinga!
Interessert eller har spørsmål? Ta gjerne ein uforpliktande prat med dagleg leiar:
Bjørn Erik Ovesen
Telefon: 469 31 000
E-post: [email protected]
Me gler oss til å høyre frå deg!
Om Ovesen Transport AS og 07000 Bømlo
Ovesen Transport AS er eit familieeigd transportselskap på Bømlo, etablert i 2017. Etter fleire år med lastebiltransport i inn- og utland starta me drosjeverksemd under namnet 07000 Bømlo i juli 2021. Ved årsskiftet 2022/2023 vart persontransport hovudverksemda, med drosje og minibuss som sentrale satsingsområde.
I dag disponerer me 12 løyve, der 10 er aktive. Med lokal forankring, eigarskap og dagleg drift på Bømlo, kjenner me lokalsamfunnet og behova til dei som bur her.
Me er ein del av 07000 Sunnhordland Taxi, eit fellesskap med over 35 løyve i regionen. Dette gir oss styrken til ein større organisasjon, kombinert med fordelane ved å vere ein lokalt forankra aktør.
Me ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass med gode vilkår og eit godt arbeidsmiljø. Kvalitet, service og trygg transport står sentralt i alt me gjer, og me stiller høge krav til både sjåførar og tenestene me leverer.
Sektor
Privat
Nettsted
Først observert av fakt: 05. nov. 2026. Kilden oppgir publisert 05. nov. 2026.
1 endring over 13 dager i 3 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.