fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 78 698 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 942 aktive nå, 34 490 arbeidsgivere og 161 685 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du bli vår nye utdanningsleiar innan dei Grøne og gastronomiske utdanningane våre ved Studiestad Hjeltnes?
Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av landets største fagskular.
Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse
Avdelinga held til i tradisjonsrike lokalar i Ulvik der det har vore skuledrift i meir enn 100 år. Avdelinga er i god vekst og har utvikla studiar som er verdsleiande innan sine fagfelt.
Stillinga inneheld ein 50% stilling som utdanningsleiar og 50 % stilling undervisning innan aktuelle fagområde . Aktuelle fag kan vere Pommelier, Frukt og bær, Lokal matkultur og Arborist.
Utdanningsleiar inngår rektor si leiargruppe og har medansvar for utvikling av Fagskulen Vestland i samsvar med strategi, målsetjingar og verdigrunnlag for Fagskulen Vestland og Vestland fylkeskommune. Stillinga rapporterer til Prorektor utdanning og samhandling.
Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for Fagskulen Vestland
utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet
Videreutvikle ein god KS kultur ved eininga- delta på ulike revisjonar
Sikre eit trygt og godt læringsmiljø og god medverknad frå studentane
Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
Delta aktivit i leiargruppa og bidra til at vi vert eit samla og effektivt team
Leie strategi- og utviklingsprosessar
Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
Personalleiing
Videreutvikle kontakt med næringsaktørane innan dei maritime faga
Legge til rette for digitalisering og nyskaping i utdanningane
Delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
Økonomistyring
Fagskulen Vestland legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom Prorektor og utdanningsleiar. Du vil få:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Først observert av fakt: 23. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 23. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.