fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 510 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 432 aktive nå, 34 090 arbeidsgivere og 158 315 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du vere med og gjere kvardagen betre for andre?
Stillinga er ledig frå 01.02.2027.
Vi søkjer deg som trivst med å hjelpe andre, likar ein variert arbeidskvardag og ønskjer å bidra til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt i eigen heim.
Som medarbeidar innan praktisk bistand får du ein viktig rolle i kvardagen til brukarane. Gjennom praktisk hjelp, rettleiing og støtte bidreg du til at den enkelte kan meistre kvardagen best mogleg og bu trygt og godt i eigen heim. Målet er å styrkje brukarane sine eigne ressursar og ferdigheiter, slik at dei kan oppretthalde størst mogleg grad av sjølvstende og deltaking i eige liv.
Arbeidet består av praktisk bistand til heimebuande brukarar i tråd med vedtak, mellom anna:
Reingjering av primærrom i bustaden i tråd med vedtak
Klesvask og skift av sengetøy
Støtte brukarane i å nytte eigne ressursar og ferdigheiter i kvardagen
Rettleiing og opplæring i daglege gjeremål for å fremje meistring og sjølvstende
Motivere til deltaking og aktivitet ut frå den enkelte sine føresetnader
Bidra til bruk av velferdsteknologi og andre hjelpemiddel der dette kan styrkje meistring og tryggleik
Samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenester ved behov
Arbeidet går føre seg på dagtid og kan vere fysisk krevjande.
Det er ønskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar
Relevant erfaring frå praktisk bistand eller liknande arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
Førarkort klasse B
Godkjend politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
har erfaring frå liknande arbeid
er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
møter brukarane med respekt, omsorg og godt humør
har fokus på meistring og sjølvstende for brukar
er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
har gode samarbeidsevner
meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
har ei generell forståing for bruk av meistringsteknologi
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
tilsetjing på kommunale vilkår
løn etter avtale
pensjonsordning i KLP
Skjåk kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Vil du vite meir om oss? · Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune.
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod -- og leggje til rette dersom du ønskjer å prøvebu i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. [phone]).
Sletting av studielån
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.