fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 461 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 318 aktive nå, 34 074 arbeidsgivere og 158 128 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vestre Slidre kommune har ledig fast 80% stilling i psykisk helse- og rusteneste
Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg!I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjons- og skulehelseteneste, familierettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fire tilsette i til saman 3,7 årsverk.Stillinga er ledig frå 01.07.2027. Dersom det skjer endringar i tenesta, kan stillinga bli ledig på eit tidlegare tidspunkt. Stillinga er delt mellom arbeid som barne- og ungdomslos og klinisk arbeid med vaksne pasientar. Som barne- og ungdomslos vil du ha kontorplass ved Vestre Slidre skule og arbeide tett på elevar, føresette og skulen sitt personale. Den resterande delen av stillinga er knytt til oppfølging av vaksne personar i tenesta.Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, moglegheiter til fagleg utvikling og høve til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, [email protected]
Slidrevegen 162966 Slidre
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%FastSøknadsfrist: 05.11.2026
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.