fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 510 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 432 aktive nå, 34 090 arbeidsgivere og 158 315 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste?
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Vi har ledig eit års vikariat for sjukepleiar eller vernepleiar ved skjerma avdeling, moglegheit for forlenging.
Skjerma eining er ei avdeling som er spesielt tilrettelagt for personar med moderat til alvorleg grad av demens. Det blir arbeidd med personsentrert omsorg og VIPS-modellen som verktøy. Avdelinga er i nytt bygg og har ti einerom. Avdelinga består også av to stover og fleire sitjegrupper i korridorar og vandregang. Vi har sansehage og overbygd stor veranda.
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. På skjerma avdeling blir det arbeidd målretta med personsentrert omsorg der den enkelte pasient sine behov, ressursar og livshistorie står sentralt. VIPS-modellen blir nytta som verktøy for systematisk fagleg refleksjon og for å sikre personsentrert praksis.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Wenche Pedersen Thomas, Avd.leiar skjerma avdeling, [phone]Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +[phone]
Grandavegen 96823 Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.11.2026Sluttdato: 31.10.2027Søknadsfrist: 08.11.2026
Først observert av fakt: 22. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 22. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.