fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 76 633 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 12 953 aktive nå, 33 803 arbeidsgivere og 155 844 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Kvistlaus AS søkjer tilkallingsvikarar til reinhald i Ulsteinvik og Ålesund-området
Kvistlaus er eit lokalt reinhaldsfirma på Sunnmøre som tek på seg flyttevask, byggvask og anna reinhald for private kundar, borettslag og sameige. No har vi meir å gjere i Ålesund-området og treng fleire gode folk vi kan ringje når oppdraga kjem.
Kva du skal gjere
Du reiser ut til kundar og utfører reinhald etter avtale, oftast flyttevask og byggvask. Du får klare instruksar og sjekklister, men er stort sett åleine eller to på jobb, så du må kunne ta ansvar for at resultatet blir bra.
Vi ser etter deg som
kan jobbe sjølvstendig og er nøyaktig
er påliteleg og møter når du har sagt ja til eit oppdrag
disponerer eigen bil og har førarkort klasse B
snakkar og forstår norsk eller engelsk godt nok til å kommunisere med kundar
gjerne har erfaring frå reinhald, men det er ikkje eit krav
fleksibelt arbeid -- du takkar ja til oppdrag når det passar deg
løn etter avtale
køyregodtgjersle etter statens satsar
utstyr og reinhaldsmiddel frå firmaet
HMS-kort og nødvendig opplæring
Om stillinga
Tilkallingsvakt, ingen fast stillingsprosent. Oppstart snarast.
Send ein kort søknad med litt om deg sjølv og kor du bur til [email protected].
vi går gjennom søknader fortløpande.