fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 006 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 291 aktive nå, 33 911 arbeidsgivere og 156 798 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Vil du vere ein del av eit engasjert fagmiljø innan psykisk helsevern?
Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig eit 80% vikariat for sjukepleiar på natt i perioden 25.01.27 - 09.05.27.
C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tek utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.
Som sjukepleiar på natt har du ei viktig rolle i å sikre tryggleik, kontinuitet og god oppfølging av pasientane gjennom natta. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg utvikling og god pasientbehandling står sentralt.
Vi ser etter deg som har interesse for psykisk helsevern, og som trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med kollegaer.
Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934
Tertnesveien 375113 Tertnes
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%VikariatStartdato: 25.01.2027Sluttdato: 09.05.2027Søknadsfrist: 10.11.2026
Først observert av fakt: 20. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 20. okt. 2026.
Ingen endringer registrert siden første observasjon.