Driftsleiar matfisk
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?
For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer Alsaker Fjordbruk ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar.
Som driftsleiar får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av våre lokalitetar i Sør-Rogaland. Du vil ha ansvar for personaloppfølging, koordinering av drift og vidare utvikling av området i tett samarbeid med driftssjef.
Arbeidskvardagen vil vere variert og operativ, gjennom jamleg nærvær på lokalitetane. Det må reknast med noko reising mellom anlegga og deltaking på møte ved hovudkontoret på Onarheim.
Ansvarsområdet omfattar Ryfish AS sine Globe-anlegg i Lysefjorden. Anlegga er ein del av konsernet si satsing på lukka oppdrettsteknologi og fungerer samtidig som visningsanlegg for kundar og samarbeidspartnarar. Stillinga omfattar også lokalitetane Ådnøy i Høgsfjorden ved Høle og Rossholmen på Mosterøy, tilhøyrande Nordsjø Fjordbruk AS.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging og koordinering av den daglege drifta ved Ryfish AS, samt lokalitetane Ådnøy og RossholmenPersonalansvar og oppfølging av om lag 10 medarbeidararPlanlegging og koordinering av arbeidsoperasjonarOppfølging av fiskevelferd, biosikkerheit, kvalitet og HMSOppfølging av drift, vedlikehald og produksjonSamarbeid med driftssjef, fiskehelseteneste og støttefunksjonarBidra til vidare utvikling av teknologi, arbeidsmetodar og driftsrutinarBidra til gode opplevingar for besøkande ved våre visningsanlegg
Me ser etter deg som:
Har erfaring frå havbruk og god forståing for drift, fiskevelferd og biosikkerheitEr ein tydeleg leiar som motiverer, utviklar og følgjer opp medarbeidararTenkjer heilskapleg, tek eigarskap og får ting gjennomførtEr løysingsorientert, strukturert og trivst i ein variert arbeidskvardagKommuniserer godt og samarbeider godt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Relevant utdanning innan havbruk, akvakultur eller tilsvarande er ein fordel. Me legg likevel størst vekt på relevant erfaring, leiareigenskapar og personlege eigenskapar.
Me kan tilby
Ei spennande leiarstilling med ansvar for fleire lokalitetarMoglegheit til å arbeide med framtidsretta teknologi innan havbrukVarierte arbeidsdagar og dyktige kollegaerEit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiterEi sentral rolle i eit av Noregs leiande havbrukskonsern
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Om bedriften
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på!
Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden.
Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden