fakt følger hele det norske arbeidsmarkedet annonse for annonse. Her er hvor mye innsamlet data som ligger bak nettopp denne stillingen.
Hele basen: 77 514 stillingsannonser observert siden 11. august 2026, 13 436 aktive nå, 34 091 arbeidsgivere og 158 320 registrerte endringer i annonsene. Slik måler vi · Åpne data og API
Bygg attraksjonar -- og ver med å drive parken
Me i Team Mikkel søker ein allsidig tømrar som vil vera med på laget, og ta vare på Mikkelparken og Ferietunet!
Er dette deg?
Du har fagbrev som tømrar og vil ha meir enn ein vanleg tømrarjobb. Du likar tanken på å byggje noko som gir tusenvis av barn gode barndomsminner
Du er praktisk og løysingsorientert, men også sosial. Du trivst med folk rundt deg, enten det er kollegaer eller gjester.
Me søker ein handverkar som vil utvikle seg -- og som er nysgjerrig på å ta meir ansvar over tid.
Vedlikehald hos Mikkelparken og ferietunet er heilt avgjerande for at parken skal fungera optimalt og at gjestene får ein trygg og fin opplevelse.
Her er det alt frå vedlikehald på bygningar, utvikling av attraksjonar til teknisk drift.
I sommarsesongen så deltar ein i drift og på vinterstid har ein meir fleiksibilitet i forhald til arbeidstid og me har fokus på grundig vedlikehald og oppgraderingar.
Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer -- me forventar ikkje at du kan alt frå dag éin.
Kva må du ha?
Fagbrev som tømrar (eller anna relevant dokumentasjon)
Førarkort klasse B
Lyst til å lære og ta ansvar
Fokus på tryggleik, godt samarbeid og trivsel
Gode kommunikasjonsevner på Norsk og engelsk
Kva er fint å ha?
Erfaring med andre fag (elektro, røyr, maskin)
Interesse for å koordinere og ta initiativ
Kva får du?
Fast heilårsstilling -- 100%
Variasjon -- bygg og vedlikehald om vinterhalvåret, drift på sommarhalvåret
Utvikling -- kurs, kompetanseheving og rom til å forme rolla di
Gode vilkår -- pensjon, forsikring,
Lønn etter avtale
Fleksibel arbeidstid - som vert avtalt med arbeidsgjevar
Skape gode barndomsminner
Mikkelparken AS er ein fornøyelsespark for dei yngste (0-10 år), som ligg plassert i Kinsarvik i vakre Hardanger. Me har årleg 52.000 parkgjester og 57.000 gjestedøgn.
Parken tilbyr attraksjonar og aktivitetar, underhaldnng på scene, matserveringssteder, kioskar, badeland og innendørsleikeland som gjev borna mestringsfølelse og gode barndomsminner.
Ferietunet består av 26 hytter, 8 leiligheter, 2 luksustelt og 75 campingplassar, selskapslokaler, basseng og leikeplass.
Vår visjon er å skape gode barndomsminner gjennom verdiane tryggleik, trivsel og samarbeid.
Team Mikkel består av ca 90 sesongansatte og 10 faste medarbeidarar som gler oss til å få DEG med på laget.
Sektor
Privat
Nettsted
Først observert av fakt: 19. okt. 2026. Kilden oppgir publisert 19. okt. 2026.
1 endring i 2 øyeblikksbilder.
Alle gjelder bare annonseteksten: fakt lagrer at teksten ble endret, men publiserer ikke den tidligere teksten.